Jan Olsen får pris

Share

Stort oppslag i siste nummer av UTDANNING, bladet til utdanningsforbundet. Jan Olsen skal få Skolefrontens solidaritetspris for «Syklar til Cuba». Det er no ti år sidan han starta opp, og prisen får han etter forslag frå Utdanningsforbundets klubb ved Valle skule.

I grunngjevinga skriv rektor Leif Kvinlog: «Noko av det viktigaste for våre elevar er å møte Jan Olsen og høyre hanfortelje om arbeidet han driv og kvifor han gjer dette. Han fortel enelt og svært engasjerande at han har ei glede av å kunne hjelpe andre, og særleg born, med å gjere kvardagen deira noko betre og noko enklare. Solidaritetstanken held han tydeleg fram. Jan er veldig god til å formidle enkelt og tydeleg. Det er ikkje mange som klarer å halde på merksemda til alle elevane på alle trinn i nærare 45 minutt!»

Alle som har høyrt Jan Olsen fortelje i Valle Radio vil skrive under på det Leif her skriv i grunngjevinga. Hans engasjement for «Syklar til Cuba» er stort og ekte og han seier sjølv at ein treng ikkje eingong stappe på pengar for at plata skal begynne å svive.

Til Utdanning seier Jan Olsen sjølv: «I år har vi samarbeidet med en kristen katolsk organisasjon på Cuba, og det var en positiv erfaring. Det ønsker vi å fortsette med.» På kommentaren om at nokon av borna som får syklar, etter kort tid sel syklane vidare på grunn av trong familieøkonomi, seier han at han er klar over problemet, men at det er lite ein kan gjere med det. I så fattige land vil det alltid vere nokon som kjem ekstra dårleg ut, sjølv om dei får ei slik direkte og konkret hjelp som den Syklar til Cuba gjev. Dei er i ein desperat situasjon og treng pengane til andre ting, difor blir syklane selde. Ein kan ikkje nekte dei å gjere det, uansett kor lite vi likar det, og syklane kjem jo til nytte for dei som kjøper, seier han.

Jan Olsen ser på Skolefrontens solidaritetspris som ei viktig anerkjenning av arbeidet som er blitt gjort. Føremålet er i første rekke å gjere det betre for ungar å Cuba, og han synest dei har fått til mykje gjennom dei åra dei har halde på. Det er eit konkret og direkte solidaritetsprosjekt som er enkelt å forstå, og der korkje politikk eller religion blir trekt inn. Å få ein slik pris er sjølvsagt ein stor inspirasjon med tanke på det vidare arbeidet med prosjektet. Eg håpar at vi snart kan få støtte frå NORAD, det hadde gitt arbeidet eit solid løft, seier han.

Vi gratulerer og ønskjer til lukke med prisen.

Her er lenke til prosjektet: http://www.syklertilcuba.org/