Promotering

Share

Eg hadde nettopp besøk av Rey Larsen, songar frå Bømlo som har gjeve ut 10 plater, men som er nokså ukjent i popmusikkverda, trur eg. Han har vore på ei vekes promotur, ein rundtur til ulike konsertarrangørar i Noreg, Danmark og Sverige, og samstundes funne fram til lokalradioar på reiseruta. No var han på veg frå Sørlandet til Bømlo og ville presentere plata si for oss i Valle Radio.

Det er ikkje så ofte at ein musikar kjem innom sjølv. Av og til får vi plater frå utgjevarar som tenkjer at Valle Radio kan vere ein lokalradio som spelar musikken vår, men som oftast må vi kjøpe musikken vi treng.

Rey Larsen har vore i Nashville og spelt inn siste plata si. Men ein ting er å spele inn plate, noko anna er å få seld henne. Difor må ein promotere musikken sin. Dei store radiostasjonane har spelelister med musikk, såkalla formatering, og er ein ikkje inne der, vert ikkje musikken spelt i deira kanalar.

Men ein kan jo gjere noko sjølv for å få ut musikken. Til dømes kan ein stoppe i Valle på turen heim til Bømlo etter nokre dagar i bilen med teltovernatting for å unngå alt for dyre overnattingskostnader.

All musikken på plata Two Hearts er på engelsk og skriven av Rey Larsen. Her er spora:

1. Always In My Hand
2. Real Love
3. Tell Me What You Want
4. Hey Hey Song
5. My Little Girl
6. Marching Feet
7. When Love Appears
8. Together
9. Lift Us Up
10. Remember My Love
11. Two Hearts

Han lova å vere tilgjengeleg på mobiltelefonen i kveld på vegen heim til Bømlo. Så halv åtte i kveld kan du få høyre noko frå denne plata. Og vil du lese meir om han, kan du gå til heimesida hans, den er ganske innhaldsrik: http://www.rey.no/musikk/Velkommen.html