Vår i Valle

Share

Våren er tidlegare i år enn på lenge. Folk snakkar om den tidlege våren då vi hadde kongebesøk, men i år er det tidlegare enn den gongen. Medan ein gleder seg over at det livnar i lundar og lauvast i li, tenkjer ein på år der ein skulle pynte til 17. mai og måtte ta inn kvistar nokre dagar før den store dagen for å få dei i museøyrestorleik til å pynte med. I år er dei fullt utsprungne.

Kvart år set ein ut sommarblomar for tidleg, for plutseleg kjem det ei frostnatt, og så må ein på butikken att og betale for sin dumskap eller latskap, dei fornuftige plantar i krukker som dei kan setje inn om natta, men så var det å gjere det då…

I år har vi hatt ein fin og noko kald vår. Mange hugsar varmeperiodar i april, men i år har det ikkje vore nokon slik periode, og bare tidvis har det vore godt å sitje på benkene i sentrum. Kald vind gjer at opphaldet på benkene vert kort, betre om ein finn ein plass i solveggen i livd. Då kan ein slikke litt sol om ein føler for det.

Russen var i Valle Radio onsdagskvelden og fortalde at dei ville ha nokre stunt i Valle torsdagen, dei fleste skulle reise bort 17. mai, så difor ville dei syne seg fram torsdag om lag klokka 15. Då skulle vi få bikinivaska bilane, og klemmar kosta fem kroner, kyss kosta ti. Torsdag klokka 15 ville eg gå ut i gata og sjå på prosjektet, men det kom ein eling så sterk og kald at eg droppa heile turen ut.

Det synte seg at elingen var kort og kraftig og ved femtida var vegen turr. Då dukka russen opp, men det var russepresident Ola som vaska bilar i bikini. Medan eg såg på dei, var det ingen som tok mot kyss eller klem frå søte ungjenter i russedress. Men eg handla meg ein orientalsk risgryte-middag og gjekk heim for å samle krefter til kveldsskrivinga på setesdalswiki, som no har snart 90 artiklar. I tunet heime stod ein plenklyppar, og medan eg sov middagsluren min, som vart alt for lang, hadde nokon brukt den og teke årets fyrste plenklipp utanfor huset mitt. Fontenen i sentrum er skrudd på, så det går mot sommar, ingen tvil om det.