Gratulerer med dagen

Share

Denne helsinga går både i høve 17. mai og i høve at Alexander Rybak vann Eurovision Song Contest.

For å ta det siste først: Eg såg bare litt av showet, og det er eg glad for. Då eg benka meg for å fylgje poenginnsamlinga opplevde eg at ei dame dei kalla Svabø fekk munndiare og skulle snakke over programleiarane, så poenga måtte ein få visuelt, ho stoppa ikkje når Alexander fekk 12 poeng heller. Uff, seier no eg, som er blitt så vaksen at eg mindre og mindre toler bakgrunnsstøy, og i alle fall ikkje dobbel. For all del, få henne bort, dette var pjatt og plapring, ikkje seriøs formidling av ei musikkoppleving.

Det ser ut til at det ikkje bare var eg som meinte dette. Då eg i går kveld kom opp for å skrive på bloggen, las eg kommentarar på nettet, og det var mange som var av den same oppfatning, så eg kan ikkje vere så utgammal heller.

Men det var hyggeleg at ein glad gutt vann denne gongen. Det vert eit eventyr for Alexander om han held koken, den energien som lyste ut av framføringa hans, den var sterk å oppleve.

Så kom dagen i dag. Eg fekk ut flagget om ikkje heilt på slaget åtte, så i alle fall før ni, og gjorde som eg hadde sagt, såg reportasje på tv frå feiringa rundt om i landet. Det er ei glede at feiringa held seg oppe, og eg let meg imponere over flotte bunader i nord og sør. Kanskje gjekk ho som var i Valle måndag og henta ny bunad ein stad i toget for alt det eg veit.

Men her i sør kom regnet etter kvart, heldigvis for dei som feira at dei gjorde unna feiringa om morgonene, før regnet kom. Det veks og gror for harde livet, sjølv om sommarlege temperaturar let vente på seg.