Hans Kohler

Share

Takka vere eit intervju i Jol i Setesdal 2007 har det nå blitt ein artikkel om Hans Kohler i setesdalswiki. Basert på Gunnar Hillestad sitt interessante intervju med han, henta eg ut ein del faktaopplysningar som kan høve i eit leksikon. Med dette er setesdalswiki i gang med å skrive artiklar mot 200, dette var artikkel nr. 105. I utgangspunktet vonar eg å klare 100 artiklar i månaden første året. Enno er det ikkje gått ein månad sidan oppstarten.

Eg siterer frå artikkelen der:

Hans Kohler vaks opp i ein familie der faren var bonde og mora heimeverande. Han tok lærarutdanning i Esslingen a.N. frå 1935 til 1938, og mot slutten av studietida møtte han Heide. På slutten av sin lærarpraksis var han allmennlærar og lærar i jordbruk og landskapslære for høgare klasse i folkeskulen og i ungdomsskulen. Då teikna han saman med elevane. I 1939 vart han kalla inn til krigsteneste. Som tysk soldat var han med i angrepet på Russland, operasjon Barbarossa, 21. juni 1941. Erfaringane hans gjorde at han seinare vart ein svoren pasifist. 25. mai 1945 vart han teken til fange av russarane og var i fangeskap i fire år. I fangeskapet vart teikning ein overlevingsteknikk, han teikna på alt han kunne finne, men fangevaktarane øydela det så fort dei fann det.

I 1951 kunne han endeleg gifte seg med Heide, 13 år etter at dei møtte kvarandre. Han fekk jobb som teiknelærar i høgare gymnasklasse. I den tida var kona heimeverande med små barn. Familien var aktivt engasjerte i «Aktion Sühnezeichen» (forsoningsteikn), der dei gav eit år av livet til å arbeidet i land som Tyskland hadde okkupert.

Fleire år ferierte dei i Noreg, og i 1966 kom dei til Setesdal. Då han gjekk av i 1974, kjøpte familien hus på Rysstad. Her har dei som pensjonistar halde fram med sitt kunstnarlege arbeid.

I 1995 fekk familien Kohler Valle kommune sin kulturpris.