Ei fin helg

Share

Ei langhelg er ikkje å forakte. Ein tur over fjellet til Rogaland var innleiing på nokre gode dagar. Triveleg å sjå gamle tomter og å helse på slekt og vener. Ålgård er utvilsomt ein del av tettstaden Stavanger/Sandnes, og staden veks for kvar gong eg er bortover.

Heimturen gjekk så til Mandal Kristi Himmelfartsdag om kvelden. Trafikken er stor anten ein dreg morgon eller kveld, så eg er blitt mindre glad i desse turane. Men vi kom vel fram, og så har ein kunna nyte ei langhelg i Mandal med besøk og trivsel.

Litt tid til å skrive på Setesdalswiki har det og blitt, og eg fann fram gamle Jol i Setesdal for å legge inn innhaldsliste for dei einskilde årgangane. Det er mykje interessant i desse hefta, det er gode kjelder til å verte kjent med Setesdal. Og teikningane til Olav Bjørgum er jo eit studium verd.Til no har eg fått på plass seks oversikter, og meir vil kome etter kvart. Til saman er det no 108 artiklar, så nettstaden veks.

I dag vart det og sett opp ein feed for artiklar der aviser skriv wikipedia, slik at ein kan sjå korleis dei nyttar wikipedia som kjelde og lenke til å lese meir. Det syner seg at dei nyttar biletarkivet vårt noko meir enn eg hadde tenkt, artiklane om mannen som forsvann i Himalaya er illustrert med bilete frå wikipedia commons, det same er ein artikkel om sikhar som vart skotne i Wien, då har dei nytta eit bilete av ein tysk politibil. I tillegg har dei lenka til wikipedia sin artikkel om casuals for å fortelje om vald i fotballmiljøet.

Men no står innspurten for tur. Om ei veke er det Norsk språktest for elevane mine, så dei er svært motiverte for arbeid den siste økta. Ønsk dei lukke til om du snakkar med nokon av dei.