På konsert

Share

I går trossa eg middagskvilstrongen og gjekk på konsert. Eg har det slik at om eg går heim i femtida og tek middagskvil, så vert det som regel for lenge til at eg kan gjere noko fornuftig seinare den kvelden. Men i går gjekk eg innom biblioteket, og så vart eg sitjande og snakke litt med Lisbeth, og dermed strauk lysten på middagskvil på dør, så det vart til at eg tok turen til Spelestoga.

Der fekk vi høyre mykje flott i tillegg til at vi fekk sprudlande eplecider i glassa, til og med fleire serveringar medan vi sat og høyrde på musikken. I to avdelingar spelte Øystein Kikut på flygelet der så ein vart løfta ut over tid og rom. Så nydeleg ein kveld.

Kari, wait for me frå filmen Windjammer var starten. Sidan kom Øysteins eigen bearbeiding for piano av musikk frå balletten Don Juan av Chr. W. Gluck, før han spelte ein Nocturne av John Field. Då kom lysten til å sove att, men litt epledrikk heldt meg vaken, og då han etterpå spelte marsj frå operaen Norma av V. Bellini, kunen ingen sove.

Deretter fylgde polsk sang av Carl Burow, valsen Over Bølgen av Juvenito Rosas og Richard Wagners Sang til Aftenstjernen fra Tannhäuser, Bønn fra operaen Jegerbruden av Carl Maria von Weber, valsen Kysset av Luigi Arditti og marsjen Unter dem Doppeladler av Joseph Frantz Wagner før han avslutta første avdeling med sitt eige intermezzo Good Night to You.

Andre avdeling starta med Franz Liszts bearbeiding av Mendelssohns På sangens vinger, det var storarta. Så kom hans eigen Good Night Everybody og evergreen frå A Star Is Born av Barbara Streisand. Grieg kom mot slutten av programmet, med Til våren og Imporvisata over 2 norske folketoner, opus 29. Til slutt overraska han oss med Black & White Rag av George Botsford. Då var eg ikkje trøytt lenger, nei, og han fortente den applausen han fekk frå oss 11 som høyrde på han. Gratis var det og, Folkeakademiet hadde på spanderbuksene denne kvelden.

På vegne av glade lyttarar takkar eg for ein sjeldan kveld.