God pinse

Share

Det har vore interessant å lese ulike aviser i dag, for mange har hatt ein spørjerunde for å finne ut om folk veit kva pinse er. Mange meiner at det har med kyrkja å gjere, men få har presise svar. Pinseunderet, at Den heilage ande kom til læresveinane som var samla i Jerusalem og fylte salen dei var i som ein sterk vind, det er det ikkje lett å finne omtale av i avisene når dei spør folk på gata.

Men det var der kyrkja starta, det var døypte 3000 den dagen etter at Peter hadde talt til folket. Og så spreidde rørsla seg frå Jerusalem og til dei ytste endene av jorda, difor er og pinse misjonshøgtida..

I vår tid merkar ein det betre enn elles. Internett gjev oss høve til å rekke jorda rundt på få sekund. Eg starta dagen i dag med å snakke med og å ønske god pinse til ei jente i Bangkok, Og tidlegare i veka fortalde Magnar Mæland i Valle Radio at det var halvannan million baptistar i Burma, medan det bare er 12.000 i Noreg. På forunderleg vis har evangeliet spreidd seg til jordas ender. Og når ein høyrer kjent song på ukjent tungemål, må i alle fall eg ofte svelge ein klump i halsen og tenkje på pinseunderet. Det gjer at ein kan kjenne åndeleg fellesskap med menneske ein aldri hadde drøymt om å møte, for nokre andre hadde vore der ein gong og gjeve opning for evangeliet.

Dei mange tungemål skil oss framleis, og det kostar arbeid og pugg å vinne over språkbarrierar. Av og til kunne ein nok ønske eit pinseunder i klassen, slik at alle talte eit språk som vi kunne skjøne. Men det er ein annan refleksjon og høyrer ikkje heime i dagens lille epistel.