Naturens verden

Share

Dette programmet sundagsmorgonen er svært mangfaldig. I dag handla det om noko som gjorde at eg tenkte tilbake på Øyvind Jacob si sending i Valle Radio tidlegare i vår. Han og Bjørgulv T. Berg hadde Open sending. Det hadde dei ikkje hatt mange gonger før, så Øyvind hadde førebudd seg svært godt med spørsmål om fuglar. Han hadde leita fram fuglesang på internett og teke opp små kutt på ein minnepinne, slik at eg skulle kunne spele av dette saman med rebusane.

Men ein periode i vår var datamaskina som ein køyrer lyd frå gjennom miksebordet i Valle Radio, ute av drift. Så då Øyvind kom, vart han nokså ute av seg, som rimeleg kunne vere. Han hadde brukt mykje tid på å lage til dette programmet, og så kunne han ikkje realisere det.

Men for fleire år sidan etter eit program med fuglar i radioen, skaffa vi oss fire cd-plater med fuglelydar frå heile Europa. Det var Natur og Fritid AS, 4563 Borhaug Tlf: 38 39 35 75 Fax: 38 39 72 52 E-post: post@naturogfritid.no Heimeside: http://www.naturogfritid.no/default.asp?var=!var!hoved!&rstadv=J som skaffa oss desse platene, og då vi for ei tid tilbake fann ut at arka med norske fuglenamn var bortkomne, fekk vi tilsendt nye. Desse låg i boksen saman med platene, og snart var lydane til fuglande Øyvind hadde laga rebus for, på plass i spelaren. Kvelden var redda. Natur og fritid-butikken på Borhaug fortener mykje skryt for god service.

Programmet i Naturens verden i dag var som vanleg prega av stor entusiasme. Men den mannen som dei tala med nordfrå om fugleliv, han var unik. Han plystra alle slags fuglelydar og fortalde kva fuglar det var. Eg kan knapt kjenne att andre enn gauken, og her plystra han av hjartans lyst ulike fuglars songar og spel. Vi sat og smilte ved frokostbordet og undra oss over at nokon kan klare noko slikt, dei har eit øyre for å lære musikk som folk flest ikkje har, i alle fall har eg ikkje klart det til no.

På denne tungemålas dag er dette og eit tungemål. Framleis god pinse.

http://www.nrk.no/programmer/sider/naturens_verden/