Baptistbesøk

Share

Generalsekretær Magnar Mæland i Det norske baptistsamfunn besøkte Valle i går. Dei to sist ankomne familiane frå Burma er baptistar, og då var det naturleg å kome ein tur til Valle, fortalde han i sendinga frå klokka 19:45 til 20:30. Han kom på slaget, for dei hadde hatt husgudsteneste før han gjekk i radioen, og då han hadde vore hjå oss, gjekk han opp i Leite att for å ha kyrkjekaffe med dei andre.

16 av dei knapt 100 kyrkjelydane til baptistane i Noreg feirar gudsteneste på eit anna språk enn norsk, så ting har endra seg ganske mykje. Ei stund var baptistane eit kyrkjesamfunn med lite vekst i Noreg, ein kykjelyd lurte på å leggje ned før den bølgja med innvandrarar med baptistisk bakgrunn kom. Det er om lag 2000 burmesarar i Noreg no, dei aller fleste av desse er baptistar. Det er to folkegrupper, chin og karen, i Valle bur det karenarar.

Magnar Mæland er frå Ålgård, så vi har om lag same dialekten. Han har vore generalsekretær ein periode på seks år, men sluttar til sommaren. Vi var i grunnen enige om at Oslo ligg noko usentralt til. Han har hatt ei ordning der han har vore på reisefot ei veke, med besøk i kyrkjelydar landet rundt, og med arbeid på hovudkontoret, og så ei veke heime. Men frå august startar han som pastor i Stavanger baptistmenighet.

Han fortalde levande frå eigen tur til Burma i desember, der han fekk treffe baptistar, men og frå besøk i Thailand i flyktningleirar nord i landet på grensa mellom Burma og Thailand. Det bur mellom 40.000 og 60.000 personar i den største, Mae La, som nokre av våre flykningar budde i. Han fortalde om korleis Thailand godtek leirane så lenge det internasjonale samfunnet skaffar det som trengs for å drive dei og sa at ein såg både Kirkens Nødhjelp og Leger uten grenser sitt hjelpearbeid der. Baptistane har mange kyrkjer i desse leirane, flyktningane organiserer det sjølv, ein leir har ein bibelskule med 200 elevar. Vi snakka litt om korleis nordmenn som drog til USA og bygde kyrkjer og feira gudsteneste på norsk, om kor viktig hjartespråket er i kyrkja og om korleis nordmenn i Spania no for tida fyller den norske sjømannskyrkja og ikkje dei spanske katedralane, sjølv om dei bur lenge på ein stad.

Med på turen var presidenten i European Baptist Federation, Toma Magda frå Kroatia og to burmesiske tolkar, Peter og Maria. Magnar Mæland fortalde at dei var på ei rundreise for å besøke baptistar. Den starta i Bergen og gjekk sørover langs kysten før dei kom til Setesdal, deretter gjekk turen austover før Toma Magda skulle returnere. Her er ei lenke som presenterer Magnar Mæland: http://www.baptist.no/sommerfest/sf_2003/pres_maland.htm

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *