Blogglause dagar

Share

To dagar utan å skrive på bloggen. Det er sjeldan. Men onsdag før Kristi Himmelfartsdag drog eg til Ålgård utan PC, og då vert det lite blogging.

Turen over fjellet til Sirdal let meg i undring over kor lite snø det var. Eg har kjørt over fjellet langt seinare på året med meir snø. Til dømes var det ikkje snø på vegen opp til Roskreppdammen, så eg svinga opp dit for å sjå om det var mykje vatn i fjorden. Det var det ikkje. Laaaangt nede såg eg vatnet. Det må bli mykje regn i sommar for å fylle opp att magasinet til vinteren. Eg lurer på kor mykje dei har lov til å tappe ned. Det kan jo ikkje vere bra for for fisken å ha så vekslande tilhøve.

Denne dagen var det svært stor trafikk over fjellet. Lange rekker kom mot meg frå vestsida, så det vart ein noko ujamn tur. Ein svingar ut på møteplassar når store doningar kjem til møtes, sjølv om ein dei fleste gongene bare legg seg heilt ut på kanten av vegen og vonar at det går godt.

Frå Svartevatn i Sirdal svinga eg over på Hunnedalsvegen. Det er nesten alltid regn når eg kjører gjennom Hunnedalen, og det var mykje regn der denne dagen og. Nedover mot Byrkjedalstunet var det vegarbeid, og sjølv om det var blitt kveld, klokka var vel mot åtte, så var det arbeid med utviding av vegen. Risa sine folk har ingen lett jobb, det er tre minutt med arbeid, så må dei sleppe nye køar fram.

Eg fekk ikkje høyre så mykje av sendinga onsdagskvelden, bare fyrste delen av nyhetstimen, der vi overførte frå opninga av Sølvgarden hotell. Litt dårlege tilhøve gjorde at det ikkje vart fullgodt i bilen. Og så høyrde eg fyrste delen av samtalen Bjørgulv hadde med Lisbeth på biblioteket om datakurset dei hadde hatt onsdagen. Det var interessant at folk melde seg på for å få lære å bruke data. Det vert nytt kurs i juni, etter det eg kunne skjøne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *