Bunadstid

Share

Ei ung jente og ein litt eldre mann på oppdagingsferd i Valle sentrum, men boka Rette klede i handa. Dei kjem nedanfrå og går rundt butikkane litt, så ein tur bak Bergtun, tilbake i gata att, og så ein runde i hagen til Bergtun før dei går i bilen og dreg.

Eg fylgde med dei frå bilen min, eg skulle ein tur ned på husfliden med eit par gensarar som Reidun hadde laga siste veka, det hasta visst litt, så ho hadde ei travel helg.

Eg vart sitjande ei stund i bilen før eg køyrde ned til Husfliden, det er alltid interessant å sitje slik og sjå på den tida folk kjem frå jobb. Når det ikkje er så kaldt og vindfullt som no, kan ein nyte aktiviteten og livet i sentrum.

Ved Husfliden legg eg merke til dei to att. Dei kjem ut av butikken, jenta med ei stor eske i armane og båe to med eit breitt smil i fjeset. Ingen kan ta feil av grunnen til smilet: Ny bunad, jenta bar han sjølv ut i bilen, pappa fekk ikkje eingong lov til det, truleg fekk han bare lov å betale. Og så kjøre bilen, då. Ekstra tur heimefrå for å hente bunaden. Ta fri heile dagen og køyre dottera til Setesdals Husflidsentral i Valle for å passe han og til å hente han. Og til å betale sylvet som skal smykke dottera på konfirmasjonsdagen.

Bunad er ikkje tung tradisjon, det er glad glede for unge konfirmantar og flott stasplagg til 17. mai.

Vi tenkjer: Bunad, pris x kroner. Så kjem sylv, men sanneleg må ein også ta med boka om korleis ein kler seg. Og køyretur heimefrå til Valle og attende, og fridag ein måndag i mai. Eg vil ikkje antyde sluttsummen, men han er truleg nesten dobla når alt skal reknast attåt. Ingen snakkar om finanskrise i slike tider.

Dei er mykje verd, ungane våre.

2 tankar om “Bunadstid”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *