Fiskemøte

Share

Fisk i heiane har vore eit tema eg har skrive ein del om på bloggen, ikkje minst fordi Tom Arild Homme og Torjus Uppstad og andre fiskefolk har vore ivrige og interesserte i å kome i radioen og fortelje om aktuelle saker. No er Torjus reist frå Valle og Tom Arild flytte til Evje for eit par år sidan, trur eg – tida går no kalleg fort.

Men i kveld kalla Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde inn til fiskemøte på Sylvgarden. Dag Matzow skulle legge fram siste rapporten frå Espen Enge om Fiskeundersøkelser i Sira-Kvina-vassdragene sommeren 2008. Den er ganske så fersk.

Problemstillinga på møtet var:
• Kva er status – på Austheia og Vestheia?
• Bør kalkinga halde fram?
• Er andre tiltak også påkravde?

Han gjekk gjennom rapporten som syner at kalkinga har bore frukt og mange vatn, særleg i nord, no er rimeleg gode, nokre har sogar aldri vore utsette for særleg mykje sur nedbør. Men vatna ligg høgt til fjells og dei er sårbare, så kalking har vore viktig.

For dei 15 fiskefolka, med eitt unntak var alle menn, var det eit interessant møte. Matzow tala i 45 minutt med ljosbilete, så var det samtale i halvannan time etterpå. Rapporten finn du her:
http://www.svr.no/Modules/alldocuments.aspx?Category.ID=1136 Så kan du lese han og gjere deg opp di eiga meining.

Eg trur eg vil seie at konklusjonen hans var at no er det nødvendig med driftsplanar for vatna i fjellet. I Nomeland driftehei kjem det no ein slik plan, dei har fått pengar for å kome i gang med turistrelaterte aktivitetar. Tarjei Haugen frå SVR var møteleiar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *