Giftetankar

Share

Å gå i giftetankar sømer seg ikkje for ein som er gift. Difor er det ikkje mine giftetankar eg går i, men tankar om det å gifte seg når ein sjølv bur i Noreg og den ein skal gifte seg med bur i eit anna land. Då er det mange utfordringar, det er det ein før kalla problem, som skal løysast.

Ein ting er at ein skal treffe nokon å gifte seg med. Når vedkomande bur i eit anna land, har det ikkje vore så lett å treffast, mnen etter at Internett kom, er det mange som meiner at det er alt for lett å treffast og at vi har fått ein import av ektefellar til landet som var utenkeleg for 20 år sidan. Dei har naturleg nok rett i det, men slik er utviklinga. Pessimistane meiner at det er eit problem å få folk til Noreg som ikkje kjenner land og språk. Det er nok eit av dei problema som kan løysast.

Men om ein har vore i eit anna land og møtt ein eller ei å gifte seg med, så startar papirmølla. Ein ting er at ein må dokumentere at ein ikkje er gift frå før. Det kan vel stort sett ordnast. Men om ein er flyktning frå eit land som ikkje har ein så papirbasert kultur som den norske, så kan det nok vere vanskeleg å finne fødselsattest, som visst nok er viktig når ein skal gifte seg. Men i land der ein klaps i baken og eit skrik er det som dokumenterer at nokon er fødd, er papir på hendinga ikkje like lett å skaffe. I land der alt skal betalast og alt kan skaffast for betaling, er det nok noko lettare, då tek det vel heller bare tid få skaffe fram slik dokumentasjon mot høveleg betaling.

Men for å få brura til Noreg må ein så starte prosessen med familiegjenforening. Då må ein tene 215.000 kroner årleg frå ein fast jobb og ha bustad dokumentert med husleigekontrakt som skal sendast av brura frå heimlandet via den norske ambassaden der ein høyrer til og handsamast av UDI eller eit liknande organ. Og om ein manglar eit papir, stiller ein bakerst i køen og må starte på nytt. Seks månader tek det, vert det sagt.

Og likevel er det mange som startar prosessen kvart år. Kjærleiken er ei sterk drivkraft som gyv laus på dei største utfordringar.