Bandittar

Share

-De var da noen rigtige banditter, sa ein dansk turist til meg i dag. Vi hadde begge vore på slottstur, i Sigtuna kan ein besøke fire slott på nokre timar. Vi har prøvd oss på to slott til no, Skokloster og Steninge, Begge har vore stengde på vekedagar, dei ventar ikkje turistar før i fellesferietida frå 4. juli. Men vi snakka altså om slott og om folka som bygde dei. Vi var enige om at dei trong mange husmenn for å drive eigedomane, og eg las om ein som grunnla rikdomen sin ved felttog i Polen der han førde heim krigsbytte frå. Slik samla dei rikdom nok til å bygge og vedlikehalde dei eigedoman vi i dag reiser lange vegar for å sjå.

Han meinte nok helst at kyrkjene også skaffa seg rikdom på same måte, sjølv om eg nok trudde at kyrkjene meir var baserte på donasjonar enn på krigsbytte, sjølv om donasjonane kanskje kunne vere krigsbytte. Eg har lese Ken Folletts bøker om katedralbygging i England, og der går det nok fram at ikkje mykje menneskeleg er framand for dei som gjennom generasjonar arbeidde på dei store byggverka. Den som er komen litt opp i åra vil nok skjøne det intuitivt.

Men om sjølve slottet var stengt, var barokkparken open, så i tropevarmen var det godt å finne skugge under store tre. I steinlåvebygningen bak slottet var det kafe, der var det mange som tok lunsjen sin, og medan vi var der kom det fleire bussar som hadde bestilt mat der. Inne var det glasblåsing og sal av souvenirar i fyrste etasje, der tok Reidun ein tur, medan eg gjekk på loftet for å sjå på kunsten til Yrjö Edelmann, den svenske kunstnaren som er blitt kjent for sine maleri av pakkar, mellom anna av vodkaflaska Absolut, av ein innpakka racerbil og mange andre slike livaktige bakkar, nokre må ein mest gå bort å ta på for å finne ut at dei ikkje er tredimensjonale. Du kan lese meir om Edelmann på svensk wikipedia: http://sv.wikipedia.org/wiki/Yrj%C3%B6_Edelmann Eg burde vel skrive ein artikkel på norsk også, han er kjent nok til det. Fødd i 1941 og starta som illustratør, mellom anna var det eit bokomslag til ei James Bondbok der.

Og utanfor stod det ei krukke av Kjell Nupen, så då var linjene heimover oppretta.

Etterpå gjekk turen til Sigtuna, der køyrde vi litt rundt og kom forbi folkehøgskolen og andre kjende institusjonar, Men vi ville ha oss noko mat og hamna heilt nede ved hamna, der var det ein strandkafe som hadde nydelege rekesmørbrød og nydelege blomebilete til salgs. Og meir nådde vi ikkje før trongen til å ta middagskvil heldt på å overmanne oss. Snart var vi heime att, godt å kome inn i ein sval bygning og slenge seg nedpå, slumre litt før middag og Allsang på Skansen på TV. Men det var eit kjedeleg program, det var meir futt i fotballkampen mellom Sverige og Serbia. Serbia fekk to spelarar utvist, og det var sju gule kort, altså rimeleg dramatisk. Söta bror vann, truleg var farbror både blå og gul etter kampen.

Dette med fargar får eg kome attende til i morgon.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *