Betre veg

Share

Etter nok ein tur frå Valle til Mandal der eg på strekninga nord for Ose kunne syngje av glede for den gode vegen vi har fått, var det interessant å lese i Setesdølen denne veka om kvifor vi kan glede oss over denne vegen. Bykle kommune har lagt store deler av sine inntekter inn i fondet som vart brukt for å få finansiert vegen. Dette gjorde dei fyrst med å forskuttere vegen nord for Bykle, og når pengane etter kvart kom inn att, vart dei brukte lenger nede i dalen.

No høgg ein ut traseen som resten av vegen frå Tveit til Langeid skal fylgje, og i haust startar dei opp. Det er altså von om å få utbetra vegen endå meir i løpet av eit år eller to, og målet er å få gul stripe frå byen til Bjåen innan 2018, heiter det i avisa.

På tur nedover i dag stoppa eg hos Niklos på Besteland og fekk ein prat og ein kopp kaffe. Sjølv om vi ikkje skal ha program saman på tre månader, så er det alltid hyggeleg å snakke saman, og han har alltid noko interessant å dele med for den som er interessert i orgelmusikk.

Så stoppa eg på Ose for å få eit bilete av Annemor Sundbø. Ho har nett omsett ei engelsk bok om vottar til norsk, den skal kome ut i haust, trur eg. Vi gjekk opp i utstillinga hennar i Storstoga, den er snart ferdig for sommarsesongen og er absolutt verd eit besøk. Gensarar i alle variantar prydar veggene. Og Annemor fortalde, som ho har gjort så mange gonger i Valle Radio gjennom åra.

Trafikken har auka monaleg no i juni og både norske og tyske turistar set pris på den gode vegen. Eg trur nok dei er litt oppgitte over standarden på Riksveg 9 fleire stader, akkurat som vi faste trafikantar er. Men det er von i hangande snøre, og akkurat no kan ein vel nesten seie at det er meir enn von, det er napp. Så får vi glede oss til å få fisken i båten, det vil seie ny veg med gul midtstripe på dei siste strekningane etter kvart.

På Skomedal hadde eg ei naturoppleving. Plutseleg kom ein brun skugge over vegen litt langt framme. Og like etter kom ein til. Midt på ljose dagen kryssa to rådyr vegen framom bilen. Dei gjekk gjennom ein granehekk på vestsida av vegen og borte var dei, inne i ein hage. Eg tenkte at den hekken var så tett at det ikkje var noko som kom gjennom der, men det såg ikkje ut til å hindre dei noko i det heile tatt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *