Blå og gul

Share

Eg skreiv i går at eg i dag skulle skrive om fargar. Bakgrunnen var at Tante Brun og Tante Blå har kafear i Sigtuna. Elsa Beskow skreiv bøker der ho var inspirert av tantene sine som budde i Storgata. Reidun tok seg ein tur for å sjå seg litt rundt der, men ho fann ikkje desse tantene, så det er nok like greitt å rote litt i bokhylla heime, for ho hugsa historiene frå bøker ho las for borna våre.

Sjølv vart eg sitjande hagen utanfor Strand kafe og studere siste nummer av NU, som vel er noko liknande Se og Hør heime. Du veit, slike blad ein les på legekontoret, men som ingen kjøper sjølv, i alle fall ingen eg kjenner, men som alle har les og har ei meining om. Dette NU var kanskje eit nummer kraftigare enn våre norske, i alle fall var det eit vakkert bilete av ei høggravid Rebecca Loos heilt naken. Veit du ikkje kven ho er. Det hadde eg og gløymt, men det var visstnok ei som hadde hatt litt for nært tilhøve til David Beckham for nokre år sidan. Deretter hadde ho vore kjendis, men så fann ho seg ein norsk lege, og no bur dei i Hemsedal, men skulle visst flytte til Oslo innan terminen. Det var mykje anna sladder å fordjupe seg i, så tida gjekk ganske fort medan Reidun var ute og ikkje fann tantene. Snart var ho tilbake, og turen heimover har eg alt fortalt om i går.

I dag gjekk turen til Uppsala, som eigentleg var målet for reisa vår. Eg ville sjå katedralen der, domkyrkja i Uppsala er vel verd å besøke når ein er turist. Eg skreiv inn namnet mitt i gjesteboka, men såg ikkje andre norske namn ved eit flyktig gjennomsyn. Det er truleg litt tidleg i sesongen, men det var mykje folk. Til og med ein russisk buss svinga opp på Nathan Söderbloms plass.

Vel inne i våpenhuset angra eg på at vi ikkje hadde reist litt tidlegare, for det var messingmusikk. Linnẽ-kvintetten spelta så det gjalla mellom veggene, og dei hadde tidlegare spelt i tårnet. Det synte seg at det var eit konsertprogram dei kalla tårnmusikk som gjekk kvar veke frå tysdag til laurdag, det hadde dei gjort i mange år. I dag stod Edward Elgar: Chanson de Matin på programmet, deretter Victor Ewalds Quintet no. 3, og det var den vi fekk med oss. Noko så nydeleg! Mange andre meinte sikkert det same, for applausen frå 300 menneske var lang og hjarteleg. Det var så ein kunne ha lyst til å dra dit i morgon og, då skulle dei spele Händel, Purcell, Boyce og Pachelbels Kanon arrangert av J. Littleford. Her kan du lese om gruppa: http://www2.unt.se/pages/1,1826,MC=5-AV_ID=925143,00.html?from=puff

Dei har spelt inn plate, så eg fekk med eit lydminne til Valle Radio. Eg fekk og høyre orgelspel, for midt mellom alle turistane etter konserte hadde ein av organistane der time med ei ung jente som spelte Träumerei på det nye Ruffati-orgelet frå 2008. Det var som å sitje på masterclass, mykje publikum stoppa og såg på og tok bilete av lærar, elev og orgel.

Eg fekk altså med meg mykje denne dagen. I butikken i våpenhuset hadde dei fleire plater, så det kjem nok litt i Valle Radio til hausten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *