Museum

Share

Her i Bålsta har dei eit spesielt museum. Det er eit MUSeum for heile familien, og hovudpersonen er Mikke MUS. I ein diger gammal låvebygning kan ein sjå leiker inspirert av teikneseriar, ja nyttegjenstander og, til dømes matboksar og klokker med disneyfigurar. Sjølvsagt er figurane der, men og mykje kunst inspirert av teikneseriefigurane. Vi brukte ein time der, vi kunne brukt veker om vi skulle gjeve rom til alle artige innfalla ein fekk ettersom ein gjekk der. Mange av kunstverka var til sals, men varmen gjorde at vi etter kvart sa farvel til kunsten og velkomen til ein lett lunsj, og då vi kom til bilen att, var det over 30 grader. Då er det godt å ha airconditioning som verkar. Her er lenke til museet: http://sv.wikipedia.org/wiki/%C3%85bergs_Museum

Skaparen av museet er Lasse Åberg, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Lasse_%C3%85berg Skal du vite meir om han, bør du gå til den svenske artikkelen på wikipedia. Då trykkjer du på lenka nede til venstre på den norske artikkelen.

Museum kan vere så mykje. Då vi var på ferie i Tyskland i 2000, hamna vi på eit SUKKER-museum. Det synte alt om sukker og sukkerproduksjon og sukkeret si historie. Litt irriterande å konstatere at eit så nyttig stoff ikkje er like helsesamt for alle, men det er ei anna historie. Åberges Museum er nyttig for å kome i kontakt med seriefigurar ein ikkje lenger trudde at ein hugsa. Her er Modesty Blaise og Fantomet, Tintin og Spiderman, Pinoccio, Simpson, Tarzan og Prins Valiant. Det meste var amerikanskinspirert, Knut Berg på nye eventyr trur eg ikkje var å finne, men det er nynorsk og setesdalsk og ikkje amerikansk.

Men vi gav oss ikkje med dette. Eg har i løpet av tida her oppdaga ein kyrkjekunstnar som det er 500-årsjubileum for i år. Han kallast Albertus Pictor og har dekorert ei rekke kyrkjer her i Håbo, ja i heile bispedømmet i Uppsala. Så vi tok turen til Yttergrans kyrka, den minste kyrkja i Uppsala stift, det var ikkje lov å ha meir enn 50 personar i den. Veggmåleria der, og i Övergrans kyrka, som var noko større, var fascinerande teikneseriar frå bibelsoga. Og kyrkjene var altså på sin måte museum.

Ofte når ein er på ferie er det museum og kyrkjer ein oppsøker, der finn ein fortetta fortellingar om lokal kultur og folkeliv. Det dagsakutell finn ein på handlesenter og i aviser. Eg likte godt Uppsala Nya Tidning, men i dag vart det bare Dagens Nyheter på meg, den finn eg til frokost her på hotellet. Men i morgon er opphaldet her i Bålsta slutt, då vender vi nasen på bilen nordover for å finne attgrodde stiar lenger nord i landet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *