Refleksjonar

Share

I kveldinga tok eg ein køyretur rundt Homme. Tanken var å sjå etter nokr motiv eg kunne ta bilete av til setesdalswiki, men det skuma etter kvart, så eg får sjå seinare om det høver.

Ein kunne ikkje unngå å leggje merke til at det mange stader er jord som ligg brakk. Truleg burde vi gått ut litt meir ope og høyrt på vegner av våre burmesiske bebuarar om det var nokon som ville låne dei jord til å dyrke grønnsaker. Vi spurde oss litt for i vår, men fekk ikkje napp, og det er trist, for dei hadde likt å ha ein jordflekk å dyrke opp, og det burde vere råd å finne noko. No får vi sjå til neste sommar, om ikkje nokon melder seg etter å ha lese denne bloggen då.

Vel ute på Riksvegen att oppdaga eg at det er kome ny asfalt på strekninga nord for Valle. Det er ikkje så ofte eg køyrer der, så det var triveleg å oppdage. Sjølv om klokka var nærare 22, var folk frå NCC ute for å måle tykkelse på det nye laget med asfalt. Dei ligg ikkje på latsida, dei som har asfaltjobb om sommaren.

I Valle har no bensinstasjonen ope til klokka 22. Erna og Will satsar på god service til oss, ingen tvil om det. Eg fortalde ein nederlandsk turist eg kom i prat med i dag at bensinstasjonen vår er driven av nederlendarar. Han ville ta turen bort og prate med dei. Han hadde valet mellom å dra til Arendal eller over fjellet til Stavanger. Du kan sikkert gjette kva eg rådde han til, det var ikkje arendalsturen, nei. Eg fortalde om Suleskarvegen som har høgaste punkt på 1052 meter, og der han får oppleve høgfjellet før han kjem ned på andre sida og kan stoppe på Kvæven og sjå panoramafilm på infosenteret der.

Og Joker-butikken har ope til klokka 20. I dag hadde dei norske jordbær til 44 kroner, men det såg ut til at dei fekk avsetning sjølv til den prisen. Avisene seier at nordmenn blæs i finanskrisa og ferierer som aldri før.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *