Riksveg 9

Share

Det er ei glede å sjå at dei no høgg ut skog langs den nye traseen på Riksveg 9. Sjølv om eg les i avisa at dei på Lista skal få ein veg inspirert av amerikanske nemningar, er Riksveg 9 nårare og difor meir interessant for meg.

Særleg gjeld det etter at eg nok ein gong tok til å høyre ein spesiell dur i bilen,og den forsvann når eg svingte, det er visstnok eit tydeleg teikn på defekt hjullager. Eg måtte altså skifte hjullager på bilen. Det var venstre denne gongen, høgre skifta eg i februar. Dei seier det er alle hola i vegen som slit mykje på bilen.

Dette var jo ikkje det beste tidspunktet at noko slikt skulle skje, for laurdag 20. juni startar vår lenge omtalte ferie der vi skal køyre nord og ta Hurtigruta sørover, og slik nyte godt av born og gode vener si 60-årsgåve til oss. Vi dreg laurdag og tek nokre dagar i Sverige før vi legg turen til Alta for å vitje Ida som var husmor på Hadsel Folkehøgskole i mange år og eventuelt treffe andre vener der nord, Deretter går turen til Stokmarknes for å helse på vener der før vi går ombord på Hurtigruta. Det har vi tenkt å gjere i Svolvær, så etter at vi har vore i Hadsel, køyrer vi tilbake mot Lødingen og finn Lofotens fastlandsforbindelse – den som eigentleg endra mykje av trafikkbiletet i Vesterålen, som no er ein tarm og ikkje ein gjennomgangsregion. Vi får likevel prøve den og då oppleve ein heilt ny veg, bygd etter at vi forlet Vesterålen. Tre veker tenkjer vi å bruke på turen, og det vert interessant å sjå att stader som for lenge sidan var nærmiljøet vårt.

Men handlar ikkje dette innlegget på bloggen om Riksveg 9. Er Harald bloggskrivar blitt som presten som gjekk ut frå teksten for aldri å vende tilbake til han? Nei, eg vender tilbake, men bare indirekte. Bilen var altså ikkje klar til å dra ut på ei slik lang reise, eit defekt hjullager er ikkje godt når ein skal på langtur. Men då er det godt å ha ein verkstad som stiller opp. Då eg kom der i ettermiddag sa dei at det var ein kunde som hadde bestilt men som ikkje kom, så dei kunne sjå på bilen, og to timar etter var han fiksa. Så Riksveg 9 fekk ikkje ta gleda frå meg. Tvert om.

Etter kvart som vegen vert betre, gjev den stadig ny glede. Vakre bygder frå Hægeland til Hovden, og etter kvart som eg les og skriv for setesdalswiki, ser eg at det er mykje eg ikkje veit som eg trudde eg visste. Så etter kvart tek tankane mine sidevegar til folk som har budd og bur langs vegen.. Eg tenkjer, tru om den ville vere aktuell å intervjue i Valle Radio til hausten.

Den som lever, får sjå

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *