Steikt sei og schnitzel

Share

Når ein er på reise, er det alltid interessant å oppleve matkulturen der ein ferdast. Noko som for meg ser ut som syregras og ugras har vore fast tilbehør som salat eller pynt på dei to middagane vi har hatt her i Sverige, som har vore velsmakande og fint lagde opp anten det er fisk eller flesk.

Etter ein lang tur frå Morokulien svinga vi i kveldinga inn på Bålsta gästgivaregård i Habo kommune. Bålsta er administrasjonssentrum i denne kommunen fem mil vest for Stockholm og like langt sør for Uppsala. Arlanda ligg tre mil nordaust for oss, og vi ser fly over oss rett som det er.

Vi fann denne staden på DTF travel sine sider på Internett. Dette er første veka dei tek mot turistar som oss i sommar, og vi har vald å stoppe her nokre dagar for å oppleve litt ferie og ro i starten av turen. Vi tenkte at det var høveleg anten vi skulle til Uppsala eller Stockholm, men det ser ut til at vi droppar Stockholm, det er nok å få med seg andre stader.

I dag var vi til Skoklosters kyrka, ei gammal klosterkyrkje. Nonnene forsvann ved reformasjonen, bygningane er vel og for det meste borte. Men ei gedigen kyrkje står att og minner om farne tider. Like ved kyrkja er Skokloster slott, ikkje mindre gedigent, men det var ikkje ope på måndagar, så kyrkja fekk vere hovudattraksjonen. Det kunne den godt vere, mausoleet i kapellet på sørsida av koret viste ein sarkofag over feltmarskalk Herman Wrangel (1584 – 1647). Det var han som bygde opp att kyrkja etter forfallet som kom då nonnene reiste. Han gjorde vellukka krigstokt i Polen og tente så mykje at han og kunne bygge slottet, som i brosjyra omtalast som eit av Europas fremste barokkslott.

Ein kunne studert kyrkja i dagevis, eg brukte ein time. Men eg fann ei cd-plate med orgelmusikk, ikkje av orgelet frå 1804 som står på galleriet, det var ikkje spelbart, men av feltorgelet til Herman Wrangels son Carl Gustav frå 1667. Det er bygd av Jochim Richborn i Hamburg og levert til Wrangels hovedkvarter i Stade ved Bremen. I 1674 kom det til Skokloster, der gjorde det teneste til 1802, då det nye orgelet vart bygd. Så vart det flytta til andre kyrkjer i Håbo før det i 1931 vart lagra i kyrkja det høyrde til. Vel 30 år seinare, i 1963 restaurerte den danske orgelbyggjaren Mads Kjersgaard orgelet. I 1972 spelte han inn plate, den kjem du nok til å få høyre frå i Valle Radio til hausten.

Etter kyrkjebesøket tok vi turen innom kyrkjekafeen og fekk oss kaffe og kake. Dei driv vegkyrkje om sommaren i Skoklosters kyrka og då høyrer litt servering med i opplegget, akkurat som vi hadde i Hylestad kyrkje i mange år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *