Drapsrevyen

Share

Av og til, ja ikkje så sjeldan, kan ein lure på om det skjer noko triveleg i verda. Dagsrevyen berettar i alle fall ikkje om det, det er så ein kunne vere frista til å døype den om til drapsrevyen. Dag ut og dag inn får vi høyre om bilbomber, forlis, katastrofer og alminnelige drap, det vil seie affektdrap som følge av krangel eller tilsvarande. I tillegg kjem bilulukker og brannar.

Eg har vondt for å sjå kvifor det er blitt slik. At halvparten av sendetida går med til å rapportere frå slike hendingar, har eg vondt for å sjå verdien av. Det må då vere andre ting som er meir verdifulle å dele med sjåarar og lyttarar mellom Lindesnes og Nordkapp.

I dag var det eit innslag om Snåsamannen sitt møte med biskop Tor Singsaas i Nidarosdomen.
http://no.wikipedia.org/wiki/Sn%C3%A5samannen
http://no.wikipedia.org/wiki/Tor_Singsaas

Midt på dagen stod 1500 menneske i kø for å oppleve at biskopen snakka med ein gamal mann ein time. Men det var lite for oss TV-sjåarar å bli klok av, for det dei snakka om fekk vi ikkje del i. Sjølvsagt var det viktig å seie noko om bombeeksplosjonane på Mallorca, det er mange nordmenn som ferierer der. Men etter interessen for Snåsamannen i Nidarosdomen å døme, var det eit tema som sikkert ville engasjert ganske mange.

For mange år sidan lærte eg at det ikkje var noko å fortelje om i media at ein hund beit ein mann, men om ein mann beit ein hund, då var det ein sak. Eg trur det er på tide å definere om kva folk i Noreg skal sjå og høyre. Det er ein grunn til at det er så mange som ser på Norge Rundt,

Sjølv om eg altså vil ha meir av mjuke meldingar i media, vil ikkje det seie at eg ikkje veit at det er mykje vondt i verda. Men kan det vere rett å blande det med sport og vermeldingar, kunne ein ikkje hatt ein drapsrevy for dei spesielt interesserte, eit program som kunne gått klokka 23:30 når vanlege folk la seg.

Sommarstorm

Share

Truleg er arrangørane på Evje glade for at det er neste veke Landsskyttarstemna skal arrangerast, for det er lettare å ha skyttarstemne når det ikkje er storm og tungt regn. Her i Mandal har det dei siste dagane vore nokre saftige regnskurar som har hamra på tak og vegger. Vind har det og blitt etter kvart, sjølv om vi bur på ein lun plass, så merker vi det.

I kveld fekk eg ei tekstmelding som sa at eit tre var falle på grensa til naboeigedomen. Reidun meiner det er naboen sitt tre, i alle fall meinte ho det i regnet no i kveldinga, men ein må helst ha litt meir lys for å sjå kva som har hendt.

Når ein ser på TV, så ser det ut til at det er austanfor dei har fått det hardaste trykket frå årets første sommarstorm, men vi tok no inn både hengekjøye og parasoll, vinden treng ikkje å ha ekstra mykje å rive og slite i. Så skalkar vi lukene og vonar det går over.

Det har i grunnen vore ein litt rar sommar, ikkje mange dagar med smeigever i år. Det har ført til rekord på handlesentra og i Dyreparken, så nokon er det som har nytte av dette sommarveret og.

Ein får vone på nokre fine dagar når vi no går inn i august. Helst burde dei vel kome før skulen startar att. Og så får ein gjere det beste ut av sommaren, slik som våre to barnebarn gjer det. Kvar morgon kjem dei innom for å sjå på barneprogram på TV, Håkon på sju år har gjerne vore på plass ved sjutida. Heime får dei ikkje Nugati, så når det lid litt ut på morgonen, leitar han fram nugattiboksen og lagar seg nokre gode skiver, det gjeld å nytte høvet medan han er hos mormor og morfar. Og morfar tek turen på butikken etter ein ny boks Nugatti rett som det er.

Moisund.com fekk målpris

Share

Øystein Moi og Odd Helge Liestøl i moisund.com fekk målprisen for 2009 frå Bygland Mållag. Dei deler ut prisen kvart år til nokon som brukar nynorsk i det offentlege rom, og nettsida deira har over 2000 gjester kvar dag, fortel Setesdølen.

Nettstaden var ein av dei fyrste til å bli omtalt på Setesdalswiki. Her er lenka til artikkelen deira der: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Moisund.com

Eg seier ikkje meir i kveld, men gratulerer med hederen. Gå heller til nettstaden deira og gled deg over nær og god lokaljournalistikk frå Evje.

Lukke til, Tron

Share

Eg les i Setesdølen i dag at Tron A. Støle har blitt ny rektor på min gamle arbeidsplass, Valle skule, og har lyst til å ønskje han lukke til. Støle er opphavleg frå Sokndal kommune i Rogaland, han kom til Valle for 15 år sidan og har hatt jobb i Valle kommune det meste av tida. Ein stor del av tida har han vore ungdoms- og idrottsleiar, men dei siste åra har han engasjert seg sterkt i innføring av Miljøfyrtårnsertifiseringa i Valle kommune. Eg har samarbeidd med han som hovudtillitsvald i det som vi i Valle kommune kallar Felles Forum, der alle hovudtillitsvalde har hatt møte med rådmannen.

Tron har vore oppteken av å utvikle reiselivet i Valle. Ein periode dreiv han med elgsafari for turistar om kveldane, med elg-garanti. Dei seinare åra har han halde fram med engasjementet for dei store hjortedyra, om vintrane forar han elg, hjort og rådyr med høy, noko som i alle fall eg trur er ein grunn til at det er færre kollisjonar mellom elg og bil om vintrane. Han har invitert meg til å vere med han med mikrofon og sjå på foringa, men eg har ikkje kome meg opp til Rygnestad for å vere med på det enno.

Tron har og synt ei side som ikkje så mange visste om då han kom i Valle Radio og laga musikkprogram. Artige kommentarar og gammal musikk i ein time, det var bare ein liten begynnelse, og han lova i grunnen å kome med meir etter kvart. Om han får tid til det når han no vert rektor, kan vel heller vere eit spørsmål, men eg vonar jo det.

Eg vonar og at han finn høve til å kome flittig i radioen for å fortelje om det som hender på Valle skule. Det vert fort til at desse institusjonane vert noko lukka, og den kommunale informasjonshalvtimen er i grunnen på langt nær nok for å formidle alt som skjer på skulane våre. Når dei no legg planar for komande skuleår, vonar eg at dei nye rektorane og medarbeidarane deira tenkjer på korleis dei kan bruke Valle Radio på ein god måte, både med å lage temaprogram og ved å informere om livet på skulane.

Komper

Share

Kompe er Sørlandet sin nasjonalrett, akkurat som vi heime har komla og dei lenger nord på Vestlandet har baill. Nynorsk wikipedia har artikkelen under det rogalandske namnet, http://nn.wikipedia.org/wiki/Komle Då eg søkte på kompe på bokmålswikipedia, kom eg til artikkelen om potetball. http://no.wikipedia.org/wiki/Kompe Det kjem av at ein på wikipedia har høve til å lage omdirigeringar frå ein tittel som betyr det same til artikkelen om emnet. Og kjært barn har mange namn, den engelske artikkelen om denne matretten heiter Raspeball.

Om lag på denne tida i fjor skreiv eg om kompe på bloggen. Det var fyrste mandagen i august, og eg funderte på kva eg skulle skrive om, og då nemnde eg kompe i artikkelen så vidt det var. I dag er temaet opphøgd til overskrift, og det skuldast nok at eg var på butikken i dag og kjøpte eit heilt spann med komper, 12 i talet, for 10 kroner pr. stk. Det er eit tilbod dei har på Tilbudssenteret i Mandal kvar mandag, og i dag var eg heldig og kom før dei var utselde. Det stod folk i kø og fleire handla like mykje som meg, så ein kan nok tenkje at i dag var det den store kompedagen i Mandal. Men det er no helst slik kvar mandag. Så populært har det blitt at andre butikkar har prøvd på same opplegget andre dagar, det har ikkje vore like stor suksess.

Så var det heim med eit stort spann med komper. Fram med smør og sukker og sjeldan går middagslaginga heime så fort som på kompedagane. Før ein veit ordet av det er det tid for oppvasken, den tek maskina seg av, og i staden kan ein la kompene søkkje og middagsluren sige på. Då får regnet plaske i fred, yr.no meinte at det skulle vere opphald i eit par timar, og det var det, noko som førte til lange køar i alle rundkjøringane i Mandal då eg handla, men elles var nok dagen helst ein innedag for ferierande.

Grøn trøye

Share

I dag vil eeg gratulere Thor Hushovd med grøn trøye i Frankrike Rundt. Han vann trøya for andre gong, denne gongen etter hard kamp med Mark Cavendish, som nok er ein betre spurtar, men som likevel kom til kort i kampen om denne grøne trøya i Tour de France. Thor Hushovd kjørte smart og kapra fleire spurtpoeng totalt, så til slutt enda han opp med 10 poeng meir enn konkurrenten.

For oss som har fylgt sendingane på TV har det vore god TV-underhaldning. Men no er det slutt, og vi unner dei eit rolegare liv utan motorsyklar rundt seg og helikopter over seg.

I løpet av dei åra Tour de France har vore sendt på TV i Noreg, har sykkelinteressa auka mykje. Kvar dag syklar folk i fargerike sykkeldrakter utanfor oss her i Mandal, det verkar å vere ein risikosport, for her må dei konkurrere med bilar om ein veg som er laga for langt mindre trafikk enn sommartrafikken vi har fått. Med 1000 hytter langs sjøen, på holmar eller med sjøutsikt frå ei hei inne på land, vert det nok av trafikk. Når det i tillegg er eit industriområde og søppelplass for Mandalsregionen som brukar same vegen, seier vi til kvar andre mange gonger kvar dag at det er eit under at det går så godt som det gjer. Difor har vi i fleire år prøvd å få politikarane til å setje sykkelsti til Tregde på prioriteringslistene sine, men så langt har den ikkje nådd opp.

Fotball

Share

Dette innlegget på bloggen kjem ikkje bror min til å like, for han meiner at dei 22 spelarane på fotballbanen under ein fotballkamp skulle hatt kvar sin ball, så slapp dei å springe slik for å få tak i den eine ballen.

Men Britta Lise sit nok heime i kveld (om ho då ikkje var på kampen) og er rimeleg glad for at Start tross alt berga eitt poeng i kampen mot Stabæk i kveld. Vi har huset fullt av feriegjester, men vi lot fotballkampen stå på i kveld, rett nok utan lyd, for vi ville ikkje at kommentatorane skulle prate i munnen på oss. Og vi var ikkje nøgde med Start sitt spel før etter 85 minutt. Dei siste ti minutta, inkludert 4 minutt tillegg, gav likevel ein Start-entusiast noko å glede seg over. Begge måla var gode, VG skreiv til og med at Start stjal poenga. http://www.vg.no/sport/fotball/norsk/artikkel.php?artid=564616

Fotball er ein sport som engasjerer mage, og når det kjem ein kamp på TV er eg og barnebarnet mitt på 7 år ivrige tilskodarar. Vi har fått mål i hagen i sommar, gamle hesjestaurar har kome til nytte att, og det er ikkje få mål han har laga der medan han har vore på ferie.

Når Start spelar mot Stabæk, er det ingen tvil om kven eg held med. Eg har større problem når dei spelar mot Viking, for det har nok helst vore laget eg har halde med. Rett nok har det vore på avstand, det er ikkje mange gongene eg har vore på gamle Stavanger Stadion, og på den nye fotballbanen har eg ikkje vore.

Men det er eit fascinerande spel.

Taco

Share

-Vi har tradisjon for å ha taco på fredagskveldane, sa Rønnaug i dag. Og det vart taco. http://no.wikipedia.org/wiki/Taco

Det er ein typisk plukk-mat, du plukkar litt frå kvar skål og fyller i ei tortilla-lefse, den er litt seigare enn norske lefser, eg trur den er laga av mais. Så brettar du i enden, rullar saman på sidene og stikk det heile i munnen. Avhengig av sausen du har på, kan det vere sterkt eller mildt. Medan borna, i alle fall dei vaksne borna, gjerne tek den sterke varianten, held nok eg meg meir til den milde.

Vi kom til å snakke om endring av matvanar. Då vi vaks opp, var ikkje ein gong pizza blitt vanleg, men borna våre fekk mykje pizza. No er det taco som er tingen. Den framhevar det sosiale i måltidet -send mais, -send løk, -send ananas, -send rømme -send kjøt, alle med eit vennleg: vil du vere så snill å framom.

Så går praten om mat i andre land, taco er mexikansk opprinneleg, og ein får gjerne historier om då ein åt mat som kravde liter med vatn for å stagge brenninga frå krydder som eigen gane så visst ikkje var tilpassa.

Sundag er teksten om brødunderet, og til ulike arrangement i sommar har logistikk for mat vore noko å bry hovudet med. Denne helga er det gladmatfestival i Stavanger, det pleier visst å kome 100.000 for å smake på alle slags rettar. I Aftenbladet, som dei sel på Sørlandet om sommaren og som eg av og til får tak i, hadde dei stor reportasje dei fleste dagane denne veka.

Vi har grunn til å synge Å du som mettar liten fugl både ein og to gonger.

Dyrepark-kø

Share

Tysdag var eg til Sørlandsparken. Vermeldinga var skiftande ver, mest regnbyger, men i grunnen var det ganske høveleg utan dei store regnskylla vi hadde før helga, heldigvis.

Trafikken innover var og høveleg. Reidun skulle i ei gravferd klokka halv eitt, så eg sette henne av litt før tolv, og etter ein liten tur i kvadraturen, tenkte eg at eg ikkje ville slåss om parkeringsplass, men heller dra til Sørlandsparken. Der er det jo nok parkeringsplass. Fretex sitt utsal som før var på Lund, flytta til Sørlandsparken for eit par år sidan, og kanskje hadde dei nokre gamle Hvem Hva Hvor som eg kunne slå kloa i for ein billig penge medan eg venta på henne.

Utover frå byen gjekk det i god fart forbi bomstasjonen på Lund og over Oddernesbrua. Men då eg kom opp mot bensinstasjonen på Hånes, tetna trafikken. Eg tenkte at det var mange som gjorde som eg og drog til Sørlandsparken i det usikre veret. Nokre var det som svinga av og inn i Barstølveien, men dei fleste heldt kursen opp bakken. Der er det ein ny avkjørsel til Sørlandsparken lengst til høgre og to felt vidare mot Oslo. I det midterste feltet gjekk trafikken tregt og stoppa, i det ytterste var det god flyt. Sjølv la eg meg innerst og kom inn til Sørlandssenteret utan problem.

Men etter kvart skjøna eg at køen skulle til Dyreparken. Då eg seinare høyrde lokale nyheter på Sørlandssendinga, som burde heitt Agdersendinga, hadde det vore ny besøksrekord den dagen og, bare ei veke etter at siste rekorden var sett. Over 17.000 betalande gjester.

Eg måtte tenkje på det ei stund. Det er lange køar over alt, trur eg. Ein går i kø og ser på dyra, går i kø for å handle noko i kafeane og i lang kø for å kome frå parkeringsplassen til inngangen.

-Det er sikkert betre å gå i Dyreparken etter fellesferien, seier dotter mi med to dyreinteresserte born. Då dei budde i Søgne, hadde dei årskort og gjekk der ofte. Det fristar ikkje like mykje no. Det einaste må vel vere om ein gjer sjølve køståinga til ein del av opplevinga og ikkje til noko ein må gjennom før sjølve opplevinga kjem.

Jordbær

Share

I tysdagsavisa var det rapport frå Jordbærfestivalen på Evje. Søkkvåt jordbærfestival på Evje, var overskrifta i Setesdølen. Ole Birger skriv her: Trass i det som på godt norsk heiter skikkeleg drittver fann om lag 1500 menneske vegen til jordbærfestivalen på Evje laurdag. Og i ein bilettekst heiter det: Det var merkbart at bæra ikkje har hatt godt av nedbøren dei siste par vekene, godt med følyte og sukker på er no desse små likevel alltid.

Sjølv gjorde eg den same observasjonen då eg i går kjøpte ein kasse jordbær. Vi pleier å lage frysetøy av dei, så tek vi vare på sommaren heile året i små boksar. Men tysdagsbæra var mykje våtare enn jordbæra har vore til vanleg, så drittveret laurdag slo nok ikkje bare til på Evje-jordbæra. Eg likar godt å ete jordbær utan fløyte og sukker, men desse var mest for våte til at det var den vanlege gode opplevinga å snike til seg litt frå den store skåla med reinska bær som står og ventar på sukker og syltepulver.

Sist mandag var eg ein tur på Kjevik, skulle bringe folk til Oslo-flyet klokka ni, og eg var der i åttetida. Då starta plukkinga av jordbær på åkrane ved flyplassen. I sommar høyrde eg ein reportasje i radio som fortalde at det mest er slutt på sjølvplukking, no kjøper vi bæra. Og det stemmer, i alle fall for min del. Men jordbærprodusentane får arbeidskraft frå Polen og Baltikum, dei plukkar for harde livet. Det såg ut til at dei gjorde det denne mandagen og, sjølv om det regna og sikkert var ikkje meir triveleg enn det måtte vere i jordbæråkeren denne morgonen.

Dei skal ha takk, alle som står på for at vi skal kunne nyte desse gode bæra. Og betalinga fortener dei.