Det store norske spelet

Share

Store norske spillet er et spill basert på Store Norske Leksikon. Her i Hadsel bur me hos vener som er glade i slike kunnskapsspel, og kveldane går fort når ein held på med slikt. Eg er med, sjølv om eg hadde likt betre om det var basert på wikipedia. Det er slikt som gjer at wikipedia-teksten må vere open for å brukast om att, også i kommersiell samanheng.

I dag kom eit spørsmål som eg svarte feil på: Kor ligg Nordlyshallen. Og svaret var Hamar, noko eg fekk bekrefta på wikipedia og. Men framleis ville eg knapt tru det, for då vi var i Alta, er både eg og kona sikre på at vi såg Nordlyshallen der. Dei profilerer seg som Nordlysbyen, dei skal byggje ny kyrkje og kallar den Nordlyskatedralen. Hamar, som knapt har nordlys anna enn i ein OL-logo frå 1994, er noko feil stad for ein slik hall.

Det er interessant å ferdast på gamle vegar. At bilvegane er utbetra mange stader, er no så si sak. Langs vegane står det alt for mange teigar som ikkje lenger blir stelte, dei gror til med hundekjeks og andre vekster, og snart tek tre og buskar over dyrka jord att. Vi ser det godt mange stader her i Vesterålen, sjølv om dei no er i gang med slåtten, og mange teigar etter kvart har spor av slåmaskin. Til og med like ved Landbruksskolen på Kleiva kunne ein sjå slik utvikling.

I dag tok vi den turen som vi gjerne tok turistar med på då vi budde her: Køyre rundt Hadseløya. Det er 42 km, maratondistansen, og då vi budde her, var vi medarrangørar av turmarsjen Hadseløya Rundt. Den er no ein del av Hadsel Maraton, eit årleg maratonløp rundt øya. Vi tok turen og opplevde at mange hadde fiksa på våningshus og låve, det var malt og stelt ganske mykje mange stader. I Vatndalen hadde dei til og med fått fiskeplass for funksjonshemma i Dalvatnet, der det av og til går opp laks frå sjøen.

Det store norske spelet som denne reisa vår er blitt, syner etter kvart at om ein skal kome seg heim att, må turen gå med bil. Vi hadde ikkje fått hurtigrutebillett då vi drog, det er litt vanskeleg å bestille når ein ikkje kan seie sikkert kva dag ein vil reise. Når vi her oppe har søkt på nettet for å finne dei tilboda som annonsane for Hurtigruta lovar, får vi vite at anten er turane utselde eller så manglar det lugar eller er uråd å ta med bil. Så vi planlegg no å dra vidare sørover i bil. Det skal bli interessant å sjå vegane i Nordland etter så mange år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *