Godt og tenleg ver

Share

I den gamle kyrkjebønna heitte det «godt og tenleg ver». Det veret eg har hatt i sommar, har vore av den typen. Og ettersom veret er noko ein kan snakke om når ein ikkje har noko anna, så vert det tema for innlegget på bloggen i dag.

Då eg såg på Dagsrevyen sa Kristen Gislefoss at det kunne kome 80 mm nedbør på Agder i dag og i morgon. Det er ganske mykje, og svalene flyg lågare no enn tidlegare i veka, så han kan nok få rett i at det kan kome ein del regn. Men i sommar har det vore svært lokale variasjonar, nokre regnbyger som har vore sterke med mykje vatn har ikkje vore så omfangsrike. Ein kveld eg kom frå Kristiansand skjøna eg at byen høyrde til dei indre bygder, for då vi kom sør for Søgne, var det fint opphaldsver medan det høljeregna i Kvadraturen.

Men om eg skal seie noko om veret så langt i ferien slik eg har opplevd det, så har det vore godt. Vi var fem dagar i Sverige og hadde sol det meste av tida, godt og varmt, eg er jo ikkje så glad i høge temperaturar, så 25 grader i lufta var meir enn nok for meg, og med 45 grader på asfalten var det lite fristande å gå ut av bilen.

Difor likte eg temperaturen betre då vi sette kursen nordover, sjølv om 12 grader kanskje ikkje fekk folk i Finnmark til å rope hurra. Eg hadde trudd at myggen ikkje var så aktiv når det var så kaldt, men der vart eg lurt, han fylte bilen då vi stoppa for å ta eit par bilete i Kautokeino.

Å køyre bil når det regnar er jo ikkje så stor glede, særleg når store trailarar kjem til møtes og kastar 80 mm nedbør over panseret og frontruta. Høljeregn gjer og at sikten vert dårlegare, så ein må redusere farten. Men det var bare ein kort periode vi hadde slikt regn i Nord-Norge, eit par timar ein ettermiddag. Og så fekk vi ein regnversdag på Inlandsvegen i Sverige på veg mot Torsby. Då sa vi at dette likte nok bøndene, for det hadde vore ein lang periode utan regn, Skogen var etter kvart ganske turr, så lynet hadde slått ned nokre stader og gjeve brannvesenet noko å gjere.

Veret kan ein ikkje gjere så mykje med, ein får bare gjere det beste ut av situasjonen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *