Grøn trøye

Share

I dag vil eeg gratulere Thor Hushovd med grøn trøye i Frankrike Rundt. Han vann trøya for andre gong, denne gongen etter hard kamp med Mark Cavendish, som nok er ein betre spurtar, men som likevel kom til kort i kampen om denne grøne trøya i Tour de France. Thor Hushovd kjørte smart og kapra fleire spurtpoeng totalt, så til slutt enda han opp med 10 poeng meir enn konkurrenten.

For oss som har fylgt sendingane på TV har det vore god TV-underhaldning. Men no er det slutt, og vi unner dei eit rolegare liv utan motorsyklar rundt seg og helikopter over seg.

I løpet av dei åra Tour de France har vore sendt på TV i Noreg, har sykkelinteressa auka mykje. Kvar dag syklar folk i fargerike sykkeldrakter utanfor oss her i Mandal, det verkar å vere ein risikosport, for her må dei konkurrere med bilar om ein veg som er laga for langt mindre trafikk enn sommartrafikken vi har fått. Med 1000 hytter langs sjøen, på holmar eller med sjøutsikt frå ei hei inne på land, vert det nok av trafikk. Når det i tillegg er eit industriområde og søppelplass for Mandalsregionen som brukar same vegen, seier vi til kvar andre mange gonger kvar dag at det er eit under at det går så godt som det gjer. Difor har vi i fleire år prøvd å få politikarane til å setje sykkelsti til Tregde på prioriteringslistene sine, men så langt har den ikkje nådd opp.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *