Hadsel Rotary og litt til

Share

I dag var det møte i Hadsel Rotary og dermed fekk eg høve til å helse på fleire av dei som var med i klubben då eg var med der. På slutten av 1980-talet var klubben eit viktig pustehol for meg i å ha kontakt med miljø utanom Hadsel Folkehøyskole. Der er prinsippet at oppgåver roterer, så dei har ein bare for eitt år om gongen. Til vanleg er det ein halv time kaffe og småprat og så ein halv time med program, men i sommarmånadene vert det ikkje lagt noko fast program.

I kveld var det likevel to innslag i programmet. Ein ungdom frå Stokmarknes har gjennom Rotary fått eit år som utvekslingsstudent i Australia, og han og familien var innom for å få med seg vimplar frå Hadsel til Rotaryklubbar down under. Dei hadde gode erfaringar med dette, dottera hadde og vore utvekslingsstudent gjennom Rotary, men ho hadde vore i USA.

Andre delen av programmet vart eg beden om å halde. Eg fortalde om lange linjer i dei 18 åra som var gått sidan eg reiste frå Vesterålen til Valle. Dei lurte på om det var Rotary i Valle, men det er det jo ikkje, så eg har ikkje kunna halde oppe den kontakten med miljøet som ein slk klubb representerer. Eg måtte jo og fortelje om mine brødlause kommisjonar Valle Radio og wikipedia, så timen på Kinnarps Hotell gjekk svært fort, i alle fall for meg.

Apropos wikipedia, i dag hadde eg avtalt å møte Blue Elf, ein annan administrator på leksikonprosjektet. Han held til på Sortland, så eg tok turen dit for å treffe han i lunsjpausen. Han jobbar på jordskifteretten for Lofoten og Vesterålen med å scanne jordskiftekart, dei skal etter kvart leggjast ut på Internett. Det er eit prosjekt for heile landet og høver godt for ein som har kartteikning som interesse og utdanning. Det var eit triveleg møte, vi gjekk på kafé og prata over ein kopp kaffe og lunsjmat. Når wikifantar møtest er det nok å snakke saman om, så praten gjekk lett og tida gjekk fort.

Snart var det tid for seimiddag i Hadselhamn. Men eg fekk meg ein lur i bilen først, når ein geispar og augneloka legg seg ned over augo er det like godt å stoppe før ein står i grøfta. 15 minutt, seier reklamen langs vegen. Det gjer godt og etterpå er ein ikkje like trafikkfarleg som før ein får sove.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *