Heller i svensk skog enn bak norske lastebilar

Share

Det vart bilkøyring heim att og. Frå Valnesfjord drog vi til Polarsirkelen Høyfjellshotell, det einast høgfjellshotellet i Nord-Norge, sa ho som dreiv det då vi kom dit. Til tross for stive prisar la vi oss inn der og kunne sove i Lønsdal, plent som for aldri så mange år sidan, då vi ein gong køyrde frå Dovre og hit med ungar i bilen, det var over 1000 km på ein dag, og den dagen var lang for både oss og ungane. Då fekk vi ei hytte, no låg vi inne på hotellet. Før vi sovna, gjekk Nordlandsbanen forbi sørover, og på morgonen var det eit tog som drog nordover, men elles var det stille og roleg, eg trur vi var om lag 20 gjester på hotellet denne natta til onsdag. Eg hadde skrive på bloggen før vi drog frå Hadselhamn, så målet mitt om eit innlegg kvar dag, vart innfridd denne dagen og.

Vi tok ein roleg morgon før vi sette kursen mot Saltfjellet. Langt oppe på fjellet kom eg på at eg ikkje hadde teke noko bilete av denne historiske bygningen, men det får vere til ein annan gong, eg snudde ikkje. Vi stoppa heller ikkje på Polarsirkelsenteret, men gledde oss over ny veg i høve til den vi køyrde før, som visst nok var bygd av 30.000 krigsfangar under 2. verdskrigen, etter det eg fekk med meg frå NAFs vegbok. Når vi er på tur, les Reidun frå den når det høver slik.

På Mo satsa vi på å treffe Terje og Ann-Torhild, han er diakon der. Men då vi langt om lenge hadde leita oss fram til den adressa vi hadde, var det heilt andre namn på postkassen der, og det var ikkje svar på nokon av dei telefonnummera vi hadde heller, så vi måtte bare sende vennlege tankar til dei. Eg tenkte litt på om eg skulle slå på tråden til Marius Helgå, som er ein wikipedianar som jobbar på Nasjonalbiblioteket der, men det leid langt på dag, og vi bestemte oss for å reise vidare.Etter å ha lege bak lastebilar og campingvogner ned Dunderlandsdalen sa eg Sverige! og snart var vi ved Umbukta.I sør såg vi Okstindane, Nord-Noregs høgaste fjell Oksskolten skrapa i skyene med sine 1916 meter.

Turen nedover langs Umån var vakker og i Tärnaby åt vi røykt sik – heile fisken kom på tallerken med både hovud og spor, men under skinnet låg det nydelegaste kjøtet ein kunne tenke seg.

Vegane i Sverige gjer det naturleg å halde høg fart, Indlandsvegen har 100 km/t som fartsgrense i mil etter mil. Vi stoppa ikkje før vi kom til Østersund, der fekk vi eit rom til kanpt 800 kroner med frukost. Mitt forrige innlegg på bloggen kom derifrå, dei hadde ein PC i resepsjonen som ein kunne låne.

Eg ser at eg ikkje får plass til alt eg har å seie i kveld, så du får halde ut til i morgon før du får neste rapport.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *