Komper

Share

Kompe er Sørlandet sin nasjonalrett, akkurat som vi heime har komla og dei lenger nord på Vestlandet har baill. Nynorsk wikipedia har artikkelen under det rogalandske namnet, http://nn.wikipedia.org/wiki/Komle Då eg søkte på kompe på bokmålswikipedia, kom eg til artikkelen om potetball. http://no.wikipedia.org/wiki/Kompe Det kjem av at ein på wikipedia har høve til å lage omdirigeringar frå ein tittel som betyr det same til artikkelen om emnet. Og kjært barn har mange namn, den engelske artikkelen om denne matretten heiter Raspeball.

Om lag på denne tida i fjor skreiv eg om kompe på bloggen. Det var fyrste mandagen i august, og eg funderte på kva eg skulle skrive om, og då nemnde eg kompe i artikkelen så vidt det var. I dag er temaet opphøgd til overskrift, og det skuldast nok at eg var på butikken i dag og kjøpte eit heilt spann med komper, 12 i talet, for 10 kroner pr. stk. Det er eit tilbod dei har på Tilbudssenteret i Mandal kvar mandag, og i dag var eg heldig og kom før dei var utselde. Det stod folk i kø og fleire handla like mykje som meg, så ein kan nok tenkje at i dag var det den store kompedagen i Mandal. Men det er no helst slik kvar mandag. Så populært har det blitt at andre butikkar har prøvd på same opplegget andre dagar, det har ikkje vore like stor suksess.

Så var det heim med eit stort spann med komper. Fram med smør og sukker og sjeldan går middagslaginga heime så fort som på kompedagane. Før ein veit ordet av det er det tid for oppvasken, den tek maskina seg av, og i staden kan ein la kompene søkkje og middagsluren sige på. Då får regnet plaske i fred, yr.no meinte at det skulle vere opphald i eit par timar, og det var det, noko som førte til lange køar i alle rundkjøringane i Mandal då eg handla, men elles var nok dagen helst ein innedag for ferierande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *