Lukke til, Tron

Share

Eg les i Setesdølen i dag at Tron A. Støle har blitt ny rektor på min gamle arbeidsplass, Valle skule, og har lyst til å ønskje han lukke til. Støle er opphavleg frå Sokndal kommune i Rogaland, han kom til Valle for 15 år sidan og har hatt jobb i Valle kommune det meste av tida. Ein stor del av tida har han vore ungdoms- og idrottsleiar, men dei siste åra har han engasjert seg sterkt i innføring av Miljøfyrtårnsertifiseringa i Valle kommune. Eg har samarbeidd med han som hovudtillitsvald i det som vi i Valle kommune kallar Felles Forum, der alle hovudtillitsvalde har hatt møte med rådmannen.

Tron har vore oppteken av å utvikle reiselivet i Valle. Ein periode dreiv han med elgsafari for turistar om kveldane, med elg-garanti. Dei seinare åra har han halde fram med engasjementet for dei store hjortedyra, om vintrane forar han elg, hjort og rådyr med høy, noko som i alle fall eg trur er ein grunn til at det er færre kollisjonar mellom elg og bil om vintrane. Han har invitert meg til å vere med han med mikrofon og sjå på foringa, men eg har ikkje kome meg opp til Rygnestad for å vere med på det enno.

Tron har og synt ei side som ikkje så mange visste om då han kom i Valle Radio og laga musikkprogram. Artige kommentarar og gammal musikk i ein time, det var bare ein liten begynnelse, og han lova i grunnen å kome med meir etter kvart. Om han får tid til det når han no vert rektor, kan vel heller vere eit spørsmål, men eg vonar jo det.

Eg vonar og at han finn høve til å kome flittig i radioen for å fortelje om det som hender på Valle skule. Det vert fort til at desse institusjonane vert noko lukka, og den kommunale informasjonshalvtimen er i grunnen på langt nær nok for å formidle alt som skjer på skulane våre. Når dei no legg planar for komande skuleår, vonar eg at dei nye rektorane og medarbeidarane deira tenkjer på korleis dei kan bruke Valle Radio på ein god måte, både med å lage temaprogram og ved å informere om livet på skulane.

Ein tanke om “Lukke til, Tron”

  1. Det gledde meg mykje å sjå at Tron hadde fått jobben som rektor. Når det er sagt, så veit vi han har utdanninga i orden og er ein aktiv, rettskaffen mann med faste prinsipp og handlekraft i så mange retningar. Eg trur han vert ein god rektor med struktur på skulen. Ein skal lære på skuylen og kunne vise god folkeskikk. Det er viktig i vår vanskelege tid. Han er flink med folk, det har han vist på så mange felt.
    Lukke til, Tron, stå på!
    Ånund K

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *