Mot Hadsel

Share

Så kom vi til Hadsel. Vi reiste frå Alta onsdag og kunne nyte ein flott Finnmarks-natur utover onsdagen. Å køyre over Kvænangsfjellet i strålande sol med blank fjord langt der nede er ei oppleving som kan ta pusten frå nokon kvar. Å køyre her i kolonne om vinteren er ei anna sak, den turen tek vel og pusten frå folk, men det er på eit anna nivå.

Men då vi kom nedover mot Oteren, kom regnet, så siste del av etappen den dagen gjekk i regn. Etter kvart vart det meste av skiten vaska av frontruta. Mygg og fugleskit måtte gje tapt for vannmengdene og litt spyleveske frå vinteren.

På turen kunne vi glede oss over lange strekningar som var fornya sidan sist vi var her, mange stader var fartsgrensa 90, så kilometer etter kilometer rann av garde. Då vi kom til Målselv, var vegen lagt om, så plutseleg var vi forbi alle hotella der og på veg til Bardu. Der landa vi på Bardu Hotell og kunne gremme oss over at Start tapte fotballkampen mot Lillestrøm før vi la oss.

Torsdag var vi tidleg i veg og vart liggjande i ein lang bilkø heilt til Bjerkvik, der vi svingte vestover. Plutseleg såg vi att Bjerkvik Hotell, der vi budde ein gong vi mista klutchen på veg frå Tromsø til Vesterålen. Vi las i NAF-boka om Elvegårdsmoen, den gamle ekserserplassen her. Eg har hatt fleire øvingar med HV her medan eg budde i nord, men vi stoppa bare for å fylle bensin.

No var vi jo på trakter vi hadde køyrt svært mange gonger dei åra vi budde her, også her i Ofoten kunne vi gle oss over mykje ny veg, så kilometrane gjekk unna, og snart kryssa vi Tjeldsundet og snudde sørover mot Lødingen.

-Skal vi bare køyre Lofast med det same? spurde eg, -vi kan jo ta ferje frå Fiskebøl til Melbu og kome til Hadsel den vegen.

Men Reidun meinte vi fekk reise som vi hadde planlagt, og dermed gjekk turen utetter langs Gullesfjorden til Langvassbukt, vidare over mot Sigerfjord, vegen der var lagt i tunnel, så plutseleg dukka Sortlandssundet opp framfor oss. I det fjerne kunne vi sjå den blå byen spegle seg i solglansen, regnet hadde gitt seg medan vi sov i Bardufoss, og i det fjerne såg vi Storheia med antennen på, plent som i gamle dagar.

Ein tanke om “Mot Hadsel”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *