Orgelkonsertar

Share

I Setesdølen i går, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune:

Niklos K. Besteland på Besteland i Hylestad meiner at det er for dårleg at Valle kommue brukar flust med pengar på ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebjørn Nilsen, men ikkje sikrar orgelkonsertar i kyrkjene i kommunen.

-Det er ingen tilbod om dette i år, anten for bygdefolk eller tilreisande. Det er for svakt. Det er ei skam at me har nytta skattepengar til dyre orgel, men ikkje maktar å sikre at nokon spelar på dei. Me bør ha organist i full stilling, skriv Besteland i eit brev til Valle-ordførar Bjøgulv Sverdrup Lund.

Niklos er ein trugen medarbeidar i Valle Radio. Annankvar veke kjem han med eit gjennomarbeidd program med kyrkjemusikk som han presenterer i programmet Postludium. Dette programmet har vi hatt klokka 20:30 i alle dei åra vi har hatt tysdagssending. Han har ei stor samling med musikk av denne typen og deler med seg av informasjon om både komponisten, utøvaren og orgelet det vert spelt på. Av og til får eg tilbakemelding frå folk om at dei likar Niklos sine program, og det er ingen tvil om at han sjølv trivst med den oppgåva og ser fram til ein ny bolk til hausten.

Og Niklos har eit poeng. Det er jo eit lite paradoks at vi har fått gode orgel i begge kyrkjene, men bare brukar dei til dei faste hendingane i kyrkjene, gudsteneste, bryllaup og gravferd. Instrumenta har godt av å verte brukte og kunne med fordel vore grunnlag for ein serie med sommarkonsertar, slik det skjer i mange andre kyrkjer. I Oddernes kyrkje har organisten Ian Richards kvar sommar ein orgelkonsertserie med arrangement kvar onsdag og sundagskveld, ofte med gjestemusikarar. I Lyngdal er det Sommerkveld i kirken med musikk kvar fredagskveld. Der samarbeider organisten med svært mange musikarar i løpet av sommaren. Men det er alt for få som skipar til slike arrangement, så Valle er i selskap med mange kyrkjer på Agder. Om det skal kallast godt eller dårleg selskap, kan du som les bloggen sjølv bestemme.

Ein tanke om “Orgelkonsertar”

  1. Er samd med Niklos i at det er svakt ikkje å ha orgelkonsertar i båe kyrkjene med nye orgel. Eg veit ikkje korleis situasjonen er pr i dag med omsyn til tilsett organist og stillingsstorleik.
    Det var annleis då vi hadde fabelaktige Pieter Leebeek. Då hadde vi open vegkyrkje heile sumrane med konsertar kvar dag.

    Derimot er eg usamd i at Lillebjørn Nilsen ikkje representerer god kultur. Han er flink og folkekjær og har «lært opp» tusenvis med gitarskuleboka si.
    Eg hugsar eg hadde Lillebjørn sjølv på ei av stemnene på Tveitetunet + lokale krefter.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *