Snu nasen sørover

Share

Det er nesten ei veke sidan vi snudde nasen sørover, opphaldet i Hadsel har vore ein del av vegen heimover. Vi har kjent oss heime både i kommunen og i heimen til Ester og Ole Vidar Solvik, men alt har ein ende, det er bare pølsa som har to. Så i dag er det slutt, no må vi ta til vitet og kome oss vidare.

Det har vore nokre fine dagar, sol kvar dag, sjølv om både Møysalen og andre av fjella på baksida av Lofotveggen har hatt skoddedottar i periodar. Det har ikkje vore regn, så vekstene i kjøkkenhagen til Ole Vidar står i stampe, det kalde veret er ikkje så drivande sjølv om sola skin.

No ventar E-6 etter kvart. Det skal bli interessant å sjå korleis den er blitt i Nordland etter å ha opplevd alle endringane mellom Alta og Bjerkvik. Og Lofast får vere til ein annan gong, eg høyrde ein kommentar som sa at vegen var interessant, særleg for folk med spesialinteresse for tunnellar. Så sjølv om det er ein ny veg, til og med utan bompengar, så droppar vi den og dreg tilbake same veg som vi kom.

Eg vonar at eg finn ein stad å kople opp datamaskinen etter kvart, men tvilar på om det blir i dag, eller om eg må vente til i morgon med neste rapport.

Takk til Ester og Ole Vidar for trivelege dagar i Hadselhamn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *