Sommarstorm

Share

Truleg er arrangørane på Evje glade for at det er neste veke Landsskyttarstemna skal arrangerast, for det er lettare å ha skyttarstemne når det ikkje er storm og tungt regn. Her i Mandal har det dei siste dagane vore nokre saftige regnskurar som har hamra på tak og vegger. Vind har det og blitt etter kvart, sjølv om vi bur på ein lun plass, så merker vi det.

I kveld fekk eg ei tekstmelding som sa at eit tre var falle på grensa til naboeigedomen. Reidun meiner det er naboen sitt tre, i alle fall meinte ho det i regnet no i kveldinga, men ein må helst ha litt meir lys for å sjå kva som har hendt.

Når ein ser på TV, så ser det ut til at det er austanfor dei har fått det hardaste trykket frå årets første sommarstorm, men vi tok no inn både hengekjøye og parasoll, vinden treng ikkje å ha ekstra mykje å rive og slite i. Så skalkar vi lukene og vonar det går over.

Det har i grunnen vore ein litt rar sommar, ikkje mange dagar med smeigever i år. Det har ført til rekord på handlesentra og i Dyreparken, så nokon er det som har nytte av dette sommarveret og.

Ein får vone på nokre fine dagar når vi no går inn i august. Helst burde dei vel kome før skulen startar att. Og så får ein gjere det beste ut av sommaren, slik som våre to barnebarn gjer det. Kvar morgon kjem dei innom for å sjå på barneprogram på TV, Håkon på sju år har gjerne vore på plass ved sjutida. Heime får dei ikkje Nugati, så når det lid litt ut på morgonen, leitar han fram nugattiboksen og lagar seg nokre gode skiver, det gjeld å nytte høvet medan han er hos mormor og morfar. Og morfar tek turen på butikken etter ein ny boks Nugatti rett som det er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *