Utan internett

Share

Ferie er å vere utan Internett, og frå laurdag til i dag har eg vore utan slik luksus. Eg har heller ikkje sett himmel og jord i rørsle for å skaffe tilgang til Internett, så det som eg skreiv på laurdagskvelden, kunne eg ikkje realisere. Men i dag drog vi frå Tverrelvdal i Alta og sette kursen mot Vesterålen, og i kveld fekk eg tilgang til Internet att. Dermed kjem ein rapport med oppdatering.

Vi overnatta på ein gong på turen frå Bålsta til Alta, og kunne nyte gode vegar nordover i Sverige. Vi svinga så vidt innom Lövånger, der vi ferierte i 1984, då Sigmund var svært ung. Staden såg ut om lag som då, kanskje det bare var litt ny maling. Men fleire av butikkane var nedlagde, mellom anna bakeriet som leverte kaka til bursdagen hans den gongen.

Opp gjennom Sverige opplevde vi både reinsdyr i vegen og elg nær vegen. Det gjorde vi i dag og, men i på Alteidet var reinsdyra i vegkanten og elgen ute på ei myr. Dagens dyr hadde det kaldare enn dyra i Sverige, i dag er det bare 10-12 grader, der var det minst dobbelt så mykje. Reidun gjekk inn på ICA i Pajala og handla litt, men vi kom heilt til Munio i Finland før vi fekk oss mat på turen, ein hyggeleg lunsjbuffet på ein Shell-stasjon. Der møtte eg ein kar frå Hammerfest som skulle køyre Harley i eit år, og akkurat hadde starta på turen. Eg ønskte han god tur og lukke til med økonomien undervegs.

I Kautokeino stoppa vi så vidt for å ta eit par bilete til Wikipedia, men myggen gjorde at det ikkje var så triveleg – eit tilsvarande kyrkjebilete vart det i Maze, men bortsett frå det gjekk det rake vegen til til Tverrelvdalen, og mellom halv åtte og åtte om kvelden var vi framme.

To lange dagsetappar hadde då ført oss heilt frå Bålsta til Alta, og no kunne vi igjen ta livet med ro nokre dagar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *