Vener og kjende

Share

Turen vår var med tanke på å møte att vener og kjende frå tida vår i nord. Det var grunnen til at Hurtigruta vart nedprioritert, det hadde ikkje vore så godt å sitje ombord på Hurtigruta og sjå inn på land og sjå hus der vener bur utan å kunne helse på eller med eit stramt tidsskjema,

Så når vi hadde feriert i Sverige nokre dagar og vore turistar som besøkte turistattraksjonar var det godt å kome til vener og kjende i andre del av turen vår i sommar. Første stopp var hos Ida Opgård i Tverrelvdal i Alta, ho var husmor på Hadsel Folkehøyskole i mange år. Andre vener vi møtte i Alta var Grete og Olav Tveiterås, Olav var lærar på Hadsel Folkehøyskole og dei budde i nabohuset i fleire år. No er han høgskolelektor på Høgskulen i Finnmark. Britt i barnehagen på folkehøgskolen var og flytta til Finnmark, ho jobba i Alta kommune sin kulturskule, og ein dag drog vi og besøkte henne, då var Martha, dotter hennar heime på ferie frå jobb i Oslo. Ho var ikkje stor for 18 år sidan, og ho hugsa meg bare som ein streng mann som hadde bore henne ut av matsalen ein gong ho var trollat. Det hugsa ikkje eg, men det gjorde inntrykk å høyre at det var hennar inntrykk av meg. Endeleg møtte vi Synnøve, som var storesøster for ungane våre då dei vaks opp. Ho er gift og busett i Alta og jobbar på den kristne bokhandelen Kilden, som og sel garn og gåver og var som ei Sareptakrukke i eit av senterbygga i Alta City.

Frå Alta kom vi til Stokmarknes og tok inn hos foreldra hennar. Gjennom mange år var vi naboar på Lille-Børøya, Ole Vidar Solvik var lærar på Hadsel Folkehøyskole, og Ester var sterkt med i det sosiale livet på skulen, mellom anna med å prøve å få meg til å trimme, ikkje bare eg, men ho organiserte turmarsjar og bedriftsidrett så det engasjerte heile bygda. Vi har nok å snakke om, ingen tvil om det. Og praten går om livet i sin alminnelege skapnad og familie og born sine liv i meir detalj. Ein tur i sentrum førte til møte med folk som ein samarbeidde med i politikk og organisasjonsliv, John Klæbo, Karl Sørmo, Ingebrigt Bjørke, Dag Jostein Fjærvoll og kona Synnøve, ein tur i kyrkja førte til at vi kunne helse på folk som Peter Conradsen, som var lærarkollega, Helge Berglund og kona Karla, som var vener i organisasjonsliv, det same var Svein Bergquist og Reidun Benestad, Som sist sundag i Alta var det dåpsgudsteneste i Hadsel, her med vikarprest Heie, så kyrkja var på ingen måte tom denne sundagen, Vi møtte og prost Olav Holten og kona Astrid, ho var lærarkollega på folkehøgskolen. Dei har neste år vore 30 år i Hadsel.

Når eg skriv dette har eg akkurat avtalt å møte Blue Elf, ein administratorkollega på wikipedia som held til på Sortland. Det vert lunsj i lag i morgon, og det gleder eg meg til. Eg får ta kvelden før kvelden tek meg, god natt til lesarar i nord og sør.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *