Blåbær

Share

Eg fekk ei tekstmelding i dag som formidla glede over blåbærhausten. Blåbæra har klart seg betre i regnet enn jordbæra til brødrene Kjetså på Evje, der var sesongen over då regnbygene slo inn over Evje den helga dei hadde jordbærfestival.

Men blåbæra har vore kjelde for glede for både ho som sende tekstmelding og for dei gutane eg møtte utanfor Coop på Moi i Rogaland, dei hadde vore i skogen og plukka blåbær, -det er veldig mykje blåbær i år, sa dei. No sat dei og selde bæra, 30 kroner korga, og folk kjøpte villig vekk. Pannekaker med nyrørt blåbærsyltetøy er ein delikatesse ein kan nyte anten bæra er sjølvplukka eller ikkje. Og Olav Holen formidla i ein serie vi hadde i Valle Radio for nokre år sidan mykje informasjon om kor rike dei er på antioksidantar og C-vitamin og meinte at vi burde ta turar i skog og mark så ofte vi kunne, det ville betre helsa både på den eine og den andre måten.

Vi hadde i grunnen tenkt oss ein tur ut i dag, sola skein og det var nydeleg. Det var bare litt vi skulle ha gjort først, Så skya det over og vart lite triveleg, og dermed vart det ingen blåbærtur. Her er lenke til nynorsk wikipedia sin artikkel om blåbær; http://nn.wikipedia.org/wiki/Bl%C3%A5b%C3%A6r Bileta der kan gje ekstra lyst til å ta ein tur i skogen. Då vil du få bær som på bileta i denne artikkelen: http://www.nrk.no/mat/4936825.html Og der er det til og med oppskrifter.

Visste du forresten at ein prøver å temme blåbæra? Her er ei lenke til ein artikkel om det: http://www.forskning.no/artikler/2007/februar/1171875182.16

Det er visst bare Alf Prøysen som har skrive sang om blåbærplukking. Den står her: http://www.anetteshus.com/2009/05/sommerlengsel.html “der var det blått i blått så langt de kunne se”

Skriv gjerne ein kommentar om andre blåbærsongar, dikt som handlar om blåbær, eller oppleving knytt til blåbærplukking.