Minnepinner

Share

I datalivet mitt har eg gått gjennom mange generasjonar når det gjeld minne, Då eg fekk den fyrste datamaskina, måtte ein lagre på ein bøyeleg floppydisk. Det var ikkje mykje plass til minne stoff der, kan hende 50 sider med skriven tekst. Men for den som kom frå ein skrivemaskin, var det ei ny verd som opna seg, sjølv om også skrivemaskinane på slutten hadde minne som var ei god hjelp når ein skreiv feil og skulle fjerne det ein hadde skrive, då var det bare å trykke på tilbaketasten, så henta han fram viskeler-papir og sletta siste bokstavane.

Frå den bøyelege floppydisken gjekk eg via Amstrad-maskina som hadde ein stiv floppydisk, men i eit ukurant format, det var bare desse maskinane som hadde det formatet. Dermed var det ikkje så lett å flytte stoff frå ei maskin til ei anna.

I mange år hadde vi så diskettar som ein kjenner i våre dagar. Dei er jo greie, men teknologien utviklar seg stadig, og snart var det ikkje plass til å lagre så mykje meir med gammal teknologi. Diskettar som sveiv rundt har etter kvart blitt avløyste av minnepinnar, http://no.wikipedia.org/wiki/Minnepinne Dei kan ikkje bare lagre data som eg skriv, men og musikk, og mange av dei som kjem i Valle Radio no, har musikk med seg på minnepenn. Då stikk ein bare pennen i USB-porten på maskina, og vips kan ein legge det på miksebordet og spele det når tida er inne.

Trude Ringheim er journalist i Dagbladet og i Magasinet i går hadde ho ein interessant artikkel om minnepinnar som ikkje er digitale. Ho tenkte på opplevingar, for eksempel sommarminner:
*Teltturen da det haglet.
*Far som datt i elva med fiskestanga.
*Første ferie i Italia, og far som la seg på feil hotellrom.
*Hele gjengen som fikk magesjau på danskebåten av potetsalaten.”
http://blink.dagbladet.no/profil/?op=ViewProfile&nick=truringh

Turen til Nord-Norge var ein slik minnepenn for meg. Nye minne vart lagra og gamle vart friska opp att. Trude Ringheim var inspirert til artikkelen sin av ei bok ho hadde lese i sommar, Linda Olsons “La meg synge deg stille sanger”. Eg trur nok at for borna våre er sommarferien år om anna ein god minnepenn. Denne sommaren vil vel for nokre bli sommaren med regn heile ferien, for andre vil den bli det motsette.

Uansett: Pass på at du lagrar minna, at dei ikkje bare sviv bort i ingenting.