Hypertekst

Share

Hypertekst er ei form som ikkje kunne eksistert utan data. Det består av ein tekst som har lenker til andre tekstar, slik at ein med eit klikk på lenka kan kome vidare til den aktuelle teksten eller biletet. Når eg redigerer på wikipedia, brukar eg dette systemet, og det er ei strålande oppfinning og kanskje basis for at world wide web er blitt så populært.

Systemet vart fyrst tenkt ut like etter krigen av rådgjevaren til president Roosevelt, Vannevar Bush. Han kalla det Memex og tenkte seg at ein skulle kunne lenke saman all tilgjengeleg informasjon. Artikkelen han skreiv blei lesen av andre, som tok ideen vidare, og i 1965 kom ein på namnet, det var ein Ted Nelson som gjorde det, les eg på dansk wikipedia. Vår norske artikkel er ikkje så interessant, men det kan kome etter kvart: http://da.wikipedia.org/wiki/Hypertekst

I 1967 kom det første systemet som virka, og IBM, som hadde betalt for utviklinga, selde systemet til dei som stod bak Apollo-programmet. http://no.wikipedia.org/wiki/Apollo-programmet Tjue år seinare sende datafirmaet Apple ut hypercard-systemet, og endå 20 år seinare kan vi ikkje tenkje oss korleis livet ville vore utan data og dermed utan hypertekst.

I dag har eg skrive på eit par artiklar der eg har nytta systemet. Den eine var om pedagogen Eva Balke, der skreiv eg artikkelen frå starten av: http://no.wikipedia.org/wiki/Eva_Balke Den andre var om Cormorantfeltet, eit oljefelt i Nordsjøen. http://no.wikipedia.org/wiki/Cormorantfeltet Den var det ein som hadde starta i desember, men den var blitt ståande med to linjer. No fann eg ein engelsk artikkel om emnet og kunne omsette det for artikkelen. Nederst i artikkelen er det ei lenke til ei lang liste over olje- og gassfelt i britisk del av Nordsjøen, og frå den kan ein gå rundt til mange slike artiklar om felta. Røde lenker syner at artiklane ikkje er skrivne enno, men systemet fungerer når lenkene er blå. Systemet er truleg det som gjer at ein heller vil lese der enn i Store Norske Leksikon, for dei har ikkje kome så langt i å lage slike lenker. Og når eg ikkje har lyst til å skrive noko, kan eg alltid lage ei lenke på wikipedia, og dermed gjere det litt meir leservennleg for brukarane.