Kortreist mat

Share

Det handlar om kortreist mat når Landbruksmessa går av stabelen på Evje. Den maten som ein slepp å frakte lange vegar, er betre enn den som har skumpa og dumpa på hompetittenvegar frå produsent til forbrukar, det skulle det ikkje vere vanskeleg å vere samde om. At ein då har lagt ned det eine produksjonsanlegget etter det andre (lese meieri og slakteri) skulle tyde på at det er nokon som ikkje heilt har forstått samanhengane, i alle fall tidlegare. No fokuserer dei på kortreist mat, anten det er via potetprosjekt og sauefjos i Valle eller mjølk frå meieriet på Byglandsfjord til Landskyttarstemna som nyleg var på Evjemoen.

Det ser for øvrig ut til å bli ei storsamling, etter Setesdølen å dome, med utstillarar frå fjernt og nært. Til og med ein brøytestikk-plukkar skal bli demonstrert. Det spørs om Risa er der og ser på vidunderet, slik at Bjørgulv T. Berg, min gode kollega i Valle Radio, som eg såg i vår då han var ute og plukka brøytestikker, kan få seg ein ny reidskap i jobben sin.

Sjølv står eg over både kortreist Setesdalsmat og anna landbruksaktuelt den komande helga. Eg skal til Nittedal i barnedåp for Nikolai, ein gromgut på tre månader som vert oppkalla etter sin oldefar på morssida. Og så kombinerer eg det med eit wikipediamøte. Men deretter vert det nok høve til å prøve kortreist Setesdalsmat, for i neste veke startar skulen. Og då er det vel bare eit par veker til radioen er på lufta att.