Endeleg siger

Share

Det var med urolege kjensler eg sette meg ned for å sjå fotball på TV i kveld. Norge mot Skottland er ikkje utan vidare sikker heimesiger. Nesten 25.000 hadde kome til Ullevål for om mogleg å oppleve ein heimesiger og slik halde liv i håpet om å kome vidare i den turneringa. Og så slo det til. 2-0 til pause, og sanneleg 4-0 til slutt. Og måla var vel verd å sjå i reprise, for dei var spesielle. I tillegg var det nokre feite sjansar som ein knapt kunne skjøne ikkje vart mål, så det var ein kamp å få godt humør av, i alle fall om ein hadde norske augo.

Når ein skriv på wikipedia, skjøner ein at fotball er svært viktig for mange. Folk vil ha inn artiklar om spelarane på lag langt nede i systemet, og mange blir iltre når dei vert sletta. Wikipedia har artiklar om dei to øverste divisjonane, men lenger ned går det ikkje. Mange meiner det er for langt ned og at krava til fotballspelarar er for låge samanlikna med andre som får artiklar i nettleksikonet. Det kan ein nok vere enig i, men engasjementet rundt fotball er svært stort.

I sommar har barnebarnet mitt, Håkon, oppdaga fotball på TV. Han er sju år, men fylgjer med i programoversiktene, og når tida var inne, kom han med klar melding til meg om å kome ned i stova og sjå fotballkamp. Så diskuterte vi kva som skjedde og kven vi heldt med. Da var stort sett ein interesse vi kunne ha for oss sjølv, for dei andre i huset såg lite på fotballkampane, men vi hadde det moro med det. Og sjølv om han er reist, så får eg no med meg litt, i alle fall.

Gratulerer med sigeren.