Så mange ting

Share

Gjennom livet samlar det seg opp mange ting. Dei som flytter ofte, får høve til å kaste kvar gong dei flytter, men bur ein lenge på ein stad, samlar det seg opp mange ting. Eg samlar bøker og aviser, og set familiens tålmod på prøve. Kona samlar garn, men det er ingen problem for meg, for ho har orden i sysakene sine. Det har ikkje eg. Bøker står i hyller og ligg i kassar og av og til går eg innom ein bruktbutikk og får meg nye som eg ikkje veit kor eg skal gjere av når eg kjem heim.

Nå vil ein ikkje ha bare bøker og aviser i eit hus. Koppar og kar fyller kjøkkenskapa våre så ungane som var heime i sommar ikkje visste kor dei skulle finne ting. Vi likar å sjå på Hilde Hummelvoll sine program der ho fiksar og pussar opp for folk som har gitt opp sjølv. Då seier vi til kvarandre at vi ikkje er kome så langt enno. Så smiler vi og vonar at det går nokre veker til før nokon ringjer til henne og melder oss på eit slikt program.

Andre kanalar har tilsvarande program, og av og til vert vi sitjande og sjå på korleis eit overfylt soverom ver tømt og får skap og hengegarderobe. Då ser vi at vi ikkje er åleine med mykje klær, truleg har vi mindre enn mange av dei som vi kan sjå i slike program.

I kjøkkenskapet står det koppar som kan vere minne frå turar. I sommar var vi i Vesterålen og der løyste vi kryssord. Ester var så sikker på at vi ville vinne, at ho gav oss to krus frå Vesterålens Avis, og nokre dagar seinare kom ein epost som fortalde at vi hadde vunne. Men no står det to nye krus i skapet, som var fullt nok i frå før. To krus kjøpte vi i Leipzig då vi var der i 2000, og slik kunne ein halde fram ein minnerevy for ting og tang som har samla seg opp gjennom mange år, til tross for at vi bur ganske nært søppelplassen for Mandalsregionen i Brennevinsmyra. Vi burde vore flittigare til å bruke den.

Men før eg kan kaste, må eg sjå gjennom, og det er alltid noko nytt å finne. No har eg begynt å samle på Hvem Hva Hvor, det er ein bokserie som minst har femti bøker. Eg trur eg har 10, og for å få plas si bokhylla, kasta vi nokre gamle bøker som bare stod og tok plass. Vel, kasta er ikkje det rette ordet. Dei kom i ei eske, så får vi sjå kva som skjer.

Men det gjer ikkje så mykje om eg ikkje vinn i Open sending til hausten.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *