Skalldyrfestival

Share

I dag var Lindesnes Avis full av stoff om Skalldyrfestivalen. Ordføraren skal opne den i morgon klokka 18, og Bryggegata i Mandal var stengd i dag. Det er mykje som skal riggast til for den store festivalen, som ikkje er musikk-festival, men matfestival, som namnet seier.

Mellom anna skal dei kåre ny verdsmeister i rekepilling. Ho som vann i fjor var intervjua i avisa i dag, og då fekk vi vite at ho jobbar på Lindesnes Gjestehus og alle rekene dei brukar der, vert rensa av dei tilsette. Ikkje rart at ho vinn ein slik konkurranse då, og ho sette visst til og med verdsrekord. Nummer to var kollegaen hennar på gjestehuset, så vidt eg forsto. Dei må vel kallast proffar, begge to.

Sjølv er eg ikkje glad i å rense reker. Når vi er på rekeparty, passar eg på å sitje ved sida av kona, så reinskar ho til meg, eg legg på majonesen og har elles nok med å ete dei små røde, som Fædrelandsennen kallar delikatessene.

Fredagskvelden skal Flekkerøyguttane ha konsert i Mandal kirke, og sundag er det festivalgudsteneste midt i Bryggegata. Det har vore fine opplevingar å vere på desse gudstenestene, for eit par år sidan talte Aril Edvardsen der. Kantoriet syng alltid på desse arrangementa, og etter gudstenesta held dei ofte ein liten konsert. Om veret er høveleg, kan det vel tenkjast at eg tek turen dit.

Elles var eg i byen i går og såg at dei heldt på å rigge tivoli, som dei pleier. Det er mykje å bruke pengane på i desse dagane. Men i avisa les eg at dei vil ha fleire natteravnar, slik at dei kan avgrense problema noko, mange ungdommar har nytta denne helga til å møtast i Mandal og drikke seg stupfulle. Eg vil vone at det ikkje vert så mange slike å sjå denne gongen og ønskjer dei lukke til med Sakkdyrfestivalen 09.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *