Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke

Share

I fleire år har dei hatt ein konsertserie i Lyngdal kyrkje som heiter Sommerkveldsmusikk. Organisten set opp eit program for heile skuleferien, kvar fredagskveld inviterer ho til konsert og bibellesing i kyrkja. Etter kvart er det ei fast gruppe som finn desse konsertane meiningsfulle, så det er som regel frå 80 til 200 tilhøyrarar på desse konsertane.

I kveld spelte organist Jorunn Moen Nocturne og Bryllupsmarsj frå Midtsommernattsdrøm av Felix Mendelssohn-Bartholdy. I tillegg spelte ho til fellessangen Nå la oss takke Gud og så akkompagnerte ho Ingrid Grøvan i Morgen! av Richard Strauss og Ave Maria av Franz Schubert, Ingrid Grøvan song og fem songar frå Haugtussa av Catharinus Elling: Ved Gjætlebekken, Småsporven, Elsk, Haren og Rådlaus. Ingrid Grøvan er frå Lyngdal, ho har teke mastergrad i sang på Grieg-akademiet i Bergen og har vore lærar på Kongshaug musikkgymnas. Ho song og den religiøse folketonen Jeg råde vil alle og Ja, engang mine øyne skal av biskop Karl Marthinussen og Sigurd Lunde. I stykka av Elling vart ho akkompagnert av Ilze Jaunzeme, pianist frå Latvia. Ho spelte solo satsar frå Carnaval, opus 9 av Robert Schumann og Sonate nr. 4, opus 30 av Alexandre Scriabin. Det sprudlande spelet hennar var ei oppleving, ei lita jente med ein stor musikk i fingrar og kropp!

På desse konsertane er det bibellesing, i år med tema Kvinner i møte med Jesus. Her las Britt Opsahl frå Luk. 13, 10-17. Og så presenterer dei ei salme på desse konsertane. I år er det salmer av Svein Ellingsen, han har 26 salmer i Norsk Salmebok og 14 i Salmer97. Denne gongen var det Fylt av glede over livets under. I staden for å syngje den, kunne vi høyre den, det gjev ei anna oppleving enn sangen.

Etter arrangementet var det ein kaffekopp på kyrkjebakken. 20 grader og vel så det, folk stoppa og prata litt saman. Vi vart saman med nokre andre inviterte heim til organisten, der vanka det is og bær og Mozell og prat. Ein triveleg slutt på ein triveleg kveld.

Og neste fredag, som er siste fredag i denne konsertserien, spelar Wolfgang Plagge og kåserer om musikken. Er du på dei kantane den kvelden, bør du prøve å få det med deg, det er ei stor oppleving. Det startar klokka halv åtte. Her kan du lese meir om Plagge: http://no.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Plagge

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *