Takk

Share

Endeleg heime att er det tid for å takke. Bloggen kan vere ein stad å formidle takk for helsingar og gode ord i samband med at eg kom på sjukehus i Kristiansand med ein kraftig lungebetennelse i staden for å starte skuleåret slik planen var.

Etter kvart som eg kom til hektene att, eg låg fire dagar på overvakingsavdeling, begynte eg å tenke på kor mange som var involvert i at eg kom meg att, og det var ikkje få. Fyrst var det Reidun, som var med meg til Valle der eg starta etter ferien 17. august, men bare fekk den eine dagen på jobb. Ho kontakta legekontoret. Den svenske legen som kom heim til meg og som fekk meg i ambulanse fortener stor takk, saman med folka i ambulansen. Dei hadde ein jobb for å få meg på plass i bilen. Og på overvakingsavdelinga sat det ein og til dels to intensivsjukepleiarar døgnet rundt og sytte for meg, turka sveitte og henta vatn. I tillegg var det fleire legar som fylgde med på korleis sjukdomen utvikla seg. Så kom eg på lungeavdelinga, og der fekk eg strålande pleie og hjelp av vennlege og smilande sjukepleiarar. Dei stelte for meg ei heil veke slik at eg etter kvart kom så pass på føtene at Margunn og Stein kunne hente meg heim att sundag ettermiddag. Då var legane endeleg nøgde med prøvene dei tok.

Og så må eg takke Theis, som besøkte meg to gonger og ba og velsigna meg, det var ei velsigning bokstaveleg tala. Marit, kona hans, som jobbar på sjukehuset i Kristiansand, såg og innom meg to gonger. Syster mi og mannen, Jorunn og Ole Thorvald, kom og innom ein tur. Elles var det Margunn og Stein, dei held til i Kristiansand, så dei kom innom. Og Reidun hadde fleire turar frå Mandal til Kristiansand desse dagane enn ho pleier ha på eit halvår.

Takk for helsingar frå wikipedia-vener og Valle Radio(-Facebook)-vener så vel som frå kollega Øystein og elevane på Valle vaksenopplæring. Og takk for blomehelsingar både frå Valle Radio, Karin Bøe og Torjus Uppstad, frå naboar, familien Nilsen på Sandøya og anna famile. Det er godt å vite at nokon tenkjer på ein og har omsut, både profesjonelt og elles.

Når radioen startar denne veka, skulle eg vore på plass, men heldigvis har Ørnulf sett opp ei liste som gjer at eg ikkje skal ha program før i slutten av september. Og tysdagssendingane får vi starte når eg kjem i gang etter kvart.

Tusen takk for all god hjelp. Gud velsigne dykk rikt attende.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *