Sauesjå

Share

Gårsdagens Setesdølen hadde mykje interessant om Sauesjået i Valle. Rett nok vert det ikkje mange sauer å sjå der, både fotråte og blåtunge set ein stoppar for å ha dyr der i år. Men andre aktivitetar skortar det ikkje på. Det er starten på Kulturveka i Valle, og på marknaden utanfor Valle Motell vil ein kunne finne alt frå traktorar til smykke.

Nytt av året er at det er større aktivitet i sentrum enn før. Dei riggar til motemolo og skal ha framsyning av produkt frå Hala, Bleieboden og Husfliden. Så får ein vonet at veret blir godt og lagleg, både for dei som vil ha fårikål på Motellet og dei som vil ha suppe og basaroppleving på Menighetshuset, der Bygdekvinnelaget vonar å få inn 85.000 kroner. Alle kan få med seg konserten som Hallvard T. Bjørgum og Kirsten Bråten Berg skal ha i kyrkja, der er det og utstilling av ikonar som Daniel Rike målar. Grafikken til Olv Bjørgum er nok noko billegare, uansett lommebok er det råd å få eit minne frå dagen med seg heim.

Valle Radio startar det heile fredagskvelden med Sauesending til heile dalen.

Fredag 2. oktober

Ansvarleg: Øyvind Jacob og Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torleiv Soltun
Telefonvakt: Gudrun, Solveig og Jorunn

18:00 Aktuell time. Komande sauesjå, kulturveke i Valle og Bygland sine møter/ tiltak for å få fleire til å slå seg ned i kommunen.
18:45 Ny musikk frå Setesdal
19:30 Andakt med Håvard Viki
20:00 Politisk debatt med fire ordførarar. Ole Birger Lien leiar debatten.
21:00 Open sending med helsingar og musikkynskje ved Øyvind og Bjørgulv

To saker om dyr

Share

I dag las eg at ein hundeeigar klaga over at han måtte betale 3000 kroner for konsultasjon hos dyrlege laurdag klokka 14. Dette var ein smådyrs-dyrlege, altså ikkje dyrlegen som bøndene brukar til dyra sine, men ein som held open klinikk for kjæledyra.

Det fekk meg til å tenkje på ein artikkel eg las i Aftenposten i går: Pus tar knekken på lokal natur heiter det der. Den koselege huskatten er ein effektiv drapsmaskin. Dersom ein tenkjer at det finst ein halv million kattar i Norge, og kvar katt tek 10 fuglar, skjøner ein at det er tale om ganske mange fuglar som forsvinn frå norsk fauna i løpet av ein sesong. Eg synest nok det er litt ille, det er verre med fugledrapa enn med alle musene han tek.

I vår fekk vi ein slik koseleg katt i huset på Eskeland. Det var barnebarn som hadde han, men no skulle han få vere på ferie på eit småbruk på Sørlandet. Rett nok utan andre dyr å ha selskap med, men når barnebarna kjem på besøk, er det like viktig å møte Pinky som å møte besteforeldra. Dei dreg og lyftar på katten, som i mellomtida har blitt vaksen, utan å tenke på at det er ein musejeger og fuglefangar dei hersar med.

Ein dag låg det fem mus på trappa utanfor huset. Det er liksom ikkje noko stas om han ikkje kan syne fangsten, ein annan gong drog han ein fugleunge inn i gangen då døra stod oppe. Den var daud og vart kasta ut, og katten for etter og hadde fuglesteik å kose seg med, det var knapt att fjører då han var ferdig.

Her er artikkelen i Aftenposten som danna grunnlaget for denne bloggposten: http://www.aftenposten.no/dyr/article3291454.ece

Inga tysdagssending

Share

Ettersom det er haustferie denne veka, vert det ikkje tysdagssending i morgon, men på planen står kommunestyremøte onsdag klokka 18.

Vi skulle gjerne hatt sending kvar kveld, men då Valle Radio er ein dugnadsradio, har vi ikkje nok folk til det. Ingen av oss får løn for å vere med i radioarbeidet. Sjølv opplever eg det så meiningsfylt at eg gjerne er med både ein og to kveldar i veka for å lage desse programma, og tilbakemeldingar tyder på at det er nokon der ute som set pris på det vi gjer, og då gjev det inspirasjon til å halde på. Av og til kjem det nye med i arbeidet, og det er jo og ein inspirasjon.

Men i feriane har vi redusert aktivitet. Sommarferien varer i tre månader, dermed vert valgkamp og besøk i studio av gjester som er engasjerte i den, noko meir sporadisk, ettersom vi knapt rekk å starte i september, så er valet over. Men den lokale politikken kan vi fylgje noko tettare, ettersom vi sender kommunestyremøta, og lokale politikarar er flinke til å fylgje opp når dei vert inviterte i studio.

Tysdagssendinga er jo meir eit one man show, det har etter kvart blitt slik at eg set saman eit slikt program aleine, det har vekt på andakt og kristen sang og musikk, men om det høver, kjem det og andre temaer. Eg har heller ikkje teknikar, så når det er skuleferie, kan eg ikkje overlate dei programma til andre. Men når ferien er over, startar vi opp att.

Om nokon har idear til tysdagssendingane, kan dei sende meg ein mail på harhaugl (at) gmail.com Eg vil vere takksam for innspel.

Velsigna hus, velsigne deg

Share

I dag var eg på innviing av det nye bydelsbiblioteket i Vågsbygd. Det var ei stor oppleving. Utanfor spelte Kristiansand Janitsjar før opninga, og så toga over hundre personar inn i det nye huset som er sett opp like bak AMFI Vågsbygd som og vert kalla Vågsbygd senter: Vågsbygd samfunnshus. Der er det kulturskule, helsesenter, tannlege og altså bibliotek. Vi kom opp i det flotte nye romet og vart heilt overvelda av kor fint og flott det var blitt, heilt anna romsleg enn det var i den bygningen som no er riven.

Vel oppe ønskte biblioteksjef i Kristiansand, Anne Kristin Undlien velkomen til det nye bygget, så gav ho ordet til ordførar Per Sigurd Sørensen etter at ho fyrst hadde presentert dei som skal jobbe her. Etter gode ord frå ordføraren, som hadde på seg kjedet i høve den høgtidelege handlinga, overrekte han eit bilete til biblioteket. Så var det leiar av styret for Vågsbygd samfunnshus, politikaren Trond Blattmann, som fortalde om soga til huset.

Mellom desse innslaga song pikekoret Benedictus frå Vågsbygd, dirigert av Bjørn G. Odden. Dei tralla ein bruremarsj, song ein Abba-song og så kom A Gaelic blessing av John Rutter. Til innleiing fortalde dirigenten at ein i katolsk tid gjerne fekk presten til å kome og velsigne eit nytt hus, og at koret Benedictus gjerne ville stå for velsigninga. Her kan du høyre songen, ikkje av Benedictus, men av eit engelsk kor eg fann på You Tube: http://www.youtube.com/watch?v=1tJWVvEM4aE&feature=related

Å velsigne eit hus eller ein annan eigedom burde vore eit skikk ein kunne ha teke vare på. Men songen slik den kom i dag var ei oppleving som fullenda for meg ei flott oppleving.

Sjølv har eg teke til av og til å avslutta ein chat på internett med God Bless og ein +. Det symboliserer ønsket om Guds velsigning over den eg har chatta med. Og framleis er eg takksam for Theis som besøkte meg, bad for meg og lyste velsigninga over meg då eg låg på sjukehuset.

Det er litt det same som når han slutta sendinga i Valle Radio med å sende Carolas Bred dina vida vingar over Bykle og Valle kommune etter open sending. Eit slikt ønskje kan ikkje skade nokon, og for oss som takkar Gud for livet, minner det oss atter om å takke for alle gode gåver.

Å salige stund

Share

Av og til er det slik at ein sang kjem snikande inn i øyro og så er ein ikkje mann om å få den bort att. I dag har eg hatt Å salige stund uten like som ein slik sang. Det starta med at eg kom til å lese i ei biografibok eg fann i ein bruktbutikk om Kristian Wendelborg. Han var lærar og organist i Oslo, fødd 12. februar 1863 i Øvre Eiker, son av sagmeister og møllebestyrer Hans Jakob Christensen Wendelborg (1835 – 1914) og Oline Pedersen (1836 – 1887).

Kristian Wendelborg gjekk på Drammens tegneskole 1880 -1882 og fullførte Asker seminar i 1885. Frå 1888 til 1891 gjekk han på Musikkonservatoriet i Oslo, 1892 – 1893 gjekk han på Grøndahls sanginstruktørkurs. Han var lærar i Hokksund i 1885, i Kongsberg 1886 og i Oslo 1888 til 1933. Frå 1892 var han musikklærar på Møllergata skule, der han i 1901 stod bak opprettinga av landets første skulemusikkorps. Sjå
http://www.eiker.org/Linker/Musikkprosjektet/Musikkprosjektet.htm

Frå 1892 til 1913 var han forsongar (klokkar) og korleiar i Petrus kyrkje i Oslo. Frå 1913 til 1933 var han organist i Sagene kyrkje. Han var både komponist, kordirigent og foredragshaldar. Han har komponert musikk til songar og kantatar og arrangert musikk for koralbøker. Nokre av songane hans er:

Norge, Norge, tekst Bjørnson
Dette Norge, vort hjem, tekst Bjørnson
Ulabrand, tekst Rosenkrantz Johnsen.
Sang til frihedsdagen, spelt inn av Berlevåg mannskor
Ungdom, tekst av Johan Bojer
Fram daa, Frendar i fredlege Kappstig, tekst av Ivar Aasen
Vår farande bror, tekst av Arne Espeland
Varteig-sangen, tekst av Nils Tomte

Men det er salmemelodien til Å salige stund uten like som har blitt kjent. Den vert sungen på mange språk, teksten av Johan Halmrast har blitt omsett og kjent i mange land.

Wndelborg var revisor i Oslo lærarlag i 40 år. Han var og medlem av styret i Oslo organistforbund og æresmedlem av ei rekke songarforbund.

Ein kan nok lure på korleis det var mogleg med så mange jern i elden. Lærar i vekene, organist og kordirigent på sundagane, komponist om kveldane. Til han var 70 år heldt han på med to jobbar, i dag ville kvar av dei vore meir enn hundre prosent.

Du kan jo nynne med:

Å salige stund uten like
han lever, han lever ennu.
Han vandrer i seierens rike,
min sjel, hvorfor sørger da du.
Han er ikke lenger i graven
hvor bleknet i døden han lå
jeg levende så ham i haven
og aldri så skjønn jeg ham så.

I 1979 song Lage Wedin den på LP-plate med Minikoret og Musikklinjas kor.

Omkøyring og mindre handel

Share

I Setesdølen var det for ei tid tilbake eit oppslag om at stenging av brua over Otra førte til mindre handel for butikkane på Verksmoen. Det kan eg skjøne, for det raude lyset ved bruka over elva i Evje sentrum gjer det ikkje så lysteleg å dra sørover til bensinstasjonen eller andre butikkar om ein ikkje plent må.

Då eg kom oppover fyrste gongen etter at dei hadde stengt, var eg kaffityrst og trong ein stopp, så eg svinga sørover til Hydro/Texaco for å få ein pause. Men så langt eg kunne lese trafikkbiletet, ville eg måtte stå i kø for det raude lyset om eg ikkje skulle over brua, men bare halde fram oppover langs Rigksveg 9, så eg svinga inn til Evje sentrum. Men ettersom eg ikkje hadde noko å gjere der, vart det til at eg bare køyrde gjennom gata der og så ut på Riksveg 9 att i Arendalskrysset.

Etter det har eg vald å køyre over til Senum på Byglandsfjord og så ta vegen på vestsida av Otra til Krossen og vidare nedover. Eg veit ikkje om eg sparer særleg mykje tid, det er grusveg på vestsida av Otra, men eg kan halde jamn flyt og slepp å risikere ein lang stopp i kø ved det raude ljoset. Så får det våge seg at eg ikkje får den kaffikoppen som var fast grunn til å stoppe på Verksmoen tidlegare. Og i og med at eg ikkje stoppar i det heile på Evje, så går turen mellom Valle og Mandal mest utan stopp, så får det våge seg at eg er stiv og støl (som det heiter i sangen) når eg kjem fram.

Men sjeldan har vel folk i dei indre bygder og trafikantar på Riksveg 9 sett meir fram til jola enn i år, det blir sagt at brua skal opnast att 24. desember, og det blir jo ei drusteleg jolegåve å sleppe å køyre på vestsida.

Aktuell time onsdag 23. september 2009

Share

Når eg skal lage aktuell time, likar eg å ha minst fire innslag. Då får vi ro til å belyse temaet, og så kan vi likevel spele litt musikk i løpet av timen.

Onsdagskvelden hadde eg tenkt å starte med han som i kveld hadde foredrag om Generasjonsskifte i landbruket i Kommunestyresalen, Odd Ustumo. Eg fekk tak i han og han sa seg villig til å vere med om eg kunne snakke med han i fem minutt frå klokka 18. Han var på eit møte i Bykle som skulle starte klokka 18, men rekna med at det kom til å gå nokre minutt før dei kom i gang. Det lova eg, så eg sa til teknikar Torleif at vi skulle spele kjenningsmelodien tre minutt på seks.

Men så skjedde det som av og til hender når vi skal kople oss opp til Bykle og kome på lufta, det skjer seg og vi får ikkje connection, som det står i displayet i studio. Då går tida som regel ganske fort og vi prøver ulike rådgjerder for å få denne kontakten, men i går måtte vi får kontakt med Jørund Georg for å løyse problemet, og då var klokka fem over seks, så dermed fekk vi ikkje snakke med han. Han ville ha gjeve innspel i samband med ny odelslov, eg nemnde det i sendinga og vonar at det var fullt hus i Kommunestyresalen i kveld.

Nummer to på lista var vikarprest Øyvind Vognild, som skal vere vikar i Valle truleg fram til jol. Han er trønder som no bur på Evje, der kona hans er prest, og han sjølv har fått vikarprestestilling i Agder bispedømme. Før dei kom til Setesdal, var han prest på Støren i Nidaros bispedømme. Han fortalde og at han og kona hadde vore misjonærar i Thailand for Det Norske Misjonsselskap, og at dei hadde lært seg thai. Sjølv hadde han vore med ei gruppe thailandske kristne som hadde evangeliserande møte og arrangement nordaust i landet, på grensa mot Laos og Kambodsja. Flyktningane frå Burma som no bur i Valle kom frå flyktningeleir nordvest i Thailand, og der hadde han ikkje vore.

Deretter snakka eg om elgjakta som stundar til med Lars Erik Gangsei i Faun naturforvaltning. Han seier at elgstamma er i dårleg kondisjon og meiner at ein bør skyte fleire elgar enn dei kvotane ein har fått. Han arbeider mykje med bestemming av alder på felte elgar gjennom analyse av tennene.

Til slutt prata eg med Ingebjørg Ellinor Rysstad om fornyinga dei har gjort på Coop Hylestad Samvirkelag, dei har fått nye hyller og snudd på korleis varene er plassert så dei i starten mest ikkje fann varene sjølv. Men alle kundene synest det er blitt bra, og då er jo dei tilsette nøgde. Butikken har ope til 18 alle dagar, og til 20 på fredagar etter ynskje frå hyttefolk som gjerne vil få handle på Rysstad når dei kjem oppover.

Av og til vert det slik at ein heil time går utan andre folk i studio. Det er meir triveleg med folk ein kan snakke med ansikt til ansikt, men denne gongen vart det telefonprat det meste av kvelden. Godt at den er oppfunnen, og mobiltelefonen gjer livet lettare for ein som skal ha tak i folk på farten.

Lovar godt for Setesdal og Valle

Share

Dei fire som skal representere Aust-Agder på Stortinget komande periode hadde alle god kjennskap til Setesdal og Valle. Freddy de Ruiter og Svein Harberg er begge opptekne av folkehøgskulen som vert planlagt i Valle og vonar at den kjem på plass med pengestøtte no snart.

Dette kom fram i samtalen eg hadde med dei fire i timen mellom klokka 20 og 21 i Valle Radio onsdag 23. september. Eg hadde lagt opp til ein prat på om lag 10 minutt med kvar, og så hadde eg eit musikkinnslag mellom kvar samtale.

Alle hadde ønske om å kome i stortingskomiteen for transport og samferdsle. Og alle var tydelege på at dei vil jobbe for Riksveg 9. Når ein lokalt, gjennom å legge inn konsesjonsinntekter i prosjektet, finansierer så mykje, er Staten nærast nøydd til å leggje resten av pengane på bordet, vart det sagt.

Alle hadde god kjennskap til Setesdal og Valle:

Kjell Ingolf Robstad er jo frå Evje, så han er setesdøl.

Men Svein Harberg har hytte på Hallbjønnsekken og køyrer mykje opp gjennom dalen for å kome på hytta. Han har og stått på stand ved sida av Ørnulf Hasla i 25 år, så dei kjende kvarandre godt.

Ingebjørg Godskesen har ei datter som har gått på Valle VGS, og det året ho gjekk der, var ho ofte på besøk i Valle. Ho fortalde og at dei treng fem medlemmer for å starte lokallag for Framstegspartiet i Valle, og no har dei fire, så lokallag kjem nok på plass med det første. Partiet var nest størst i Valle, bare Arbeiderpartiet var større ved dette valet.

Freddy de Ruiter har ein sambuar med røter til og familie i Valle, så han trudde nok at det kom til å bli meir kontakt til Valle, ikkje minst ettersom dei skal gifte seg i april neste år.

I programmet fortalde dei om sin bakgrunn og saker dei er opptekne av og vi fekk høve til å verte litt betre kjent med dei. Slik sett var det ein nyttig time i Valle Radio.

Rikspolitikarar i Valle Radio

Share

Onsdagskvelden skal Aust-Agder-benken vere med i Valle Radio. Programleiar Harald Haugland fortel til Setesdølen at han har fått avtale med Kjell Ingolf Ropstad, Svein Harberg, Ingebjørg Amanda Godskesen og Freddy de Ruiter om å vere med på telefon i radioen i timen mellom klokka 20 og 21.

-Dei vil få takke lydarane i øverste delen av Setesdal for stemmene dei fekk, og så vil vi snakke litt om kva dei er opptekne av i politikken, seier Harald Haugland., som også vonar å få dei til å seie noko om tilhøvet til Valle, Bykle og Setesdal elles.

-Riksveg 9 er eit emne som ein vanskeleg kan kome utanom, men også andre aktuelle tema kan ein svinge innom i samtalen. Tre av dei fire er nyvalde, så det vil jo vere naturleg å spørje kva slags forventningar dei har til dei neste fire åra. Og så får vi høyre litt om kva dei har gjort før dei vart valde inn på Stortinget og kanskje også litt om kva som førte til at dei valde det partiet dei representerer., avsluttar han.

Dei som ikkje får inn Valle Radio direkte, kan høyre på Internett.


Slik var meldinga eg sende til Setesdølen i går. Men dei hadde mykje stoff, så det var bare første linjene som kom inn. Men det kom då inn, til og med med gul farge.

Meir om astronomi

Share

Eg fekk ein kommentar til det eg skreiv då eg fortalde om at Øyvind Jacob hadde hatt ein prat med Knut Jørgen Røed Ødegård: Du kan oppleve han levande på Kristiansand folkebibliotek måndag om ei veke. Du som er i byen i haustferien, har altså noko å sjå fram til.

Grunnen til det er at Kristiansand folkebibliotek feirar 100 år. 100-årsdagen er sundag 27. september, då opna dei folkebiblioteket i Kristiansand. Markering skjer i Vågsbygd, der dei opnar flunkande nytt bydelsbibliotek. Dei har hatt bibliotek i Vågsbygd Senter før, men for 650 dagar sidan tømte dei det og reiv heile bygningen. Så har dei bygd opp nytt bibliotek på same staden, og klokka 13:00 opnar ordførar Per Sigurd Sørensen det heile. Før han slepp til, har Kristiansand janitsjar gledd folk med flott korpsmusikk, og etter han kjem Trond Blattmann og talar frå byggherren, før Pikekoret Benedictus syng. 13:45 er det teater for barn ved Ole Tellefsen og Leif Fjelldal: Bokbøfler og lesehester, deretter blir det innslag frå kulturskulen, rap og hiphop frå Fritidsetaten, og så kjem Normann Liene og fortel frå Vågsbygd si historie klokka 15. Det vert servert fødselsdagskake og alle er hjarteleg velkomne, seier filialsjef Margunn Haugland, det var ho som skreiv kommentaren på bloggen. Med seg i Vågsbygd har ho Silja Nøding, Egil Knudsen og Solbjørg Johansen.

Dagen etter og resten av veka markerer dei 100-årsdagen i Kristiansand sentrum med eit rikhaldig program, kvar dag heile veka klokka 19:
*Måndag: Knut Jørgen Rød Ødegård
*Tysdag: Universitetslektor Elin Gunleifsen: Dialektutviklinga i dag, med særleg vekt på Agder.
*Onsdag: Juni Dahr framfører tekster frå Victoria av Knut Hamsun. Pris 250 kroner.
Torsdag: Krimkveld med Gunnar Staalesen
Fredag: Dataspel og Second Life
Laurdag 12-14: Aktivitetar for born
Sundag kl 14.00, 15.00 og 16.00: Barneteater. “Pulverheksa” framført av Marianne Krogness

Litt av ei kulturveke i byen i haustferien, altså.

Her er lenke til programmet:
http://kristiansand.folkebibl.no/index.pl?artID=jub09&front=1