Busettingssoga i Setesdal 8

Share

Her kjem siste del av Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal som han heldt i Valle Radio den fyrste sendinga hausten 2009, 2. september.

Jernvinne og anna utmarksnæring på heia, og handel og handverk nede i dalbotnen – dette i kombinasjon med vanleg gardsdrift – kan ha vore grunnlaget for den velstanden vi tykkjest finne i dalen i vikingtida.

Men ikkje alt varer evig. Nedgangstidene i seinmiddelalderen med pest og annan sjukdom råka hardt. Heiane vart fråflytta, og busetnaden konsentrert til dalbotnen. Johannes Skar fortel: Men “Storedaui” kom. Og han herja so hardt. Heile dalen mestom låg i øydet. På Bykleheidane livde fire menneskje etter. (—)

Finndalen kom aldri i hæve meir. Der var prest ei tid frametter; men han druknast då han skulde til kyrkja. Då la dei Finndalen under Valle – etter segni. (—)

Gardane er underlagde til støylar – Ækra og Gamasbø er støylar som andre; men Gamasbø hev dei vendt av namnet og kallar det “Gåmålsbø”. Mange av gardane ligg plent i øydet. Men manntykt hev der vore; der er ikkje ko åkerfòll utyver støylane.

Bjørgedalen vart øyden. Der sat tri kjempor i Bjørgedalen då sotti kom; det var Rygg Fissstøyl og Åni Skjellestøyl og Knipp Harstøyl. Dei var som rysar på storleik og skapleik og lag. Storedaui tok dei, alle tri. Dei er gravne kvar på sin gard. (—)

På Uppstad vart hjuringen etter. So læste han hurdene og tok på Nordlandet – lyklane kasta han i “Lyklebekkjen”. Då han kom att, var der ein som hadde teke garden; men han sette kvar lykjel i sin lås, og hin laut pila seg. Frå Bjønnarå kom ei gjente. So sat dei på Uppstad, hjuringen og ho. (—)

Skåmedalen var bygd i lang tid framigjenom; der var so vent og greidt. Men det gjekk nedetter; gardane vart underlagde til støylar, den eine etter den andre. Fyre enden var ikkje ko Jørundlid etter. Men det tok same vegen”.

Slik var det til langt ut på 1600-talet, då folketalet på ny var på veg oppover. Men det lyt verte ein annan historie ei anna gong.