Politikarar og sosiale medier

Share

Nyvalde politikarar var emne for rebusane i Valle Radio onsdag 16. september. Det slo meg då eg høyrde på programmet at vi veit lite om andre enn dei mest profilerte rikskjendisane. Om eg leitar i avisene, er det lite eg finn om svært mange av politikarane over heile landet. Det handlar mest om Sponheim, som ikkje kom inn, men som siste veka har vore i alle media, Stoltenberg, Navarsete, Jensen, Høybråten, Halvorsen og nokre få til. Når ein tenkjer på at det er over 160 representantar, er det mange av oss som ikkje held styr på 10 prosent av dei.

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, er det fem nye på Agderbenken. Dei skal få kjempe for å få fortalt oss veljarane kva dei står for og kva dei klarar å få gjort i dei fire åra som ligg framom. Ein måte å få kontakt med veljarane på, er å bruke det som vi kallar sosiale medier, det vil seie blogging, facebook og twitter. Men sosiale medier er ikkje det same som ein talarstol der ein skal halde foredrag. Ein må vere tilgjengeleg og svare når ein får respons. I ein travel kvardag kan slikt nok verte vanskeleg.

Eg gjorde eit søk for å sjå korleis representantane frå Aust-Agder nyttar dette. Eg las i avisa at Svein Harberg har registrert eit domene som heiter stortingsrepresentant.no, men det var ikkje aktivt til no, såg det ut til. I staden hadde han ein blogg, http://sveinharberg.blogspot.com/ Men siste innlegg var 22. august, då var det tre veker til valet. Det ser ut til at han starta å skrive i mai, og til no har han 14 innlegg. Men han har bare fått to kommentarar, og dei har han ikkje svart på. Så at han vart vald må nok skuldast andre grunnar enn kontakten med lesarane på bloggen.

Kjell Ingolf Ropstad er meir aktiv. I 2008 hadde han 64 innlegg på bloggen, og til nå i år har han hatt 159 innlegg. Han har også 48 som har registrert seg som followers, som det heiter på moderne språk. Og siste sju dagar var det over tusen som hadde lese det han skriv. I snitt skriv han eitt innlegg på bloggen annankvar dag. Og mest kvar gong får han respons på det han skriv.

Freddy de Ruiter har ingen slike aktivitetar å syne til. Han har ei side på Arbeiderpartiet si heimeside, men er ikkje aktiv der.

Ingebjørg Godskesen har eiga heimeside: http://godskesen.info/ Ho starta på den jola 2008 og har lagt inn mange bilete og ei rekke tekstar. Det er ikkje høve for andre å skrive til henne på sida, men det er i interessant side der ein kan verte meir kjent med den nyvalde representanten frå Framstegspartiet.