Aktuell time onsdag 23. september 2009

Share

Når eg skal lage aktuell time, likar eg å ha minst fire innslag. Då får vi ro til å belyse temaet, og så kan vi likevel spele litt musikk i løpet av timen.

Onsdagskvelden hadde eg tenkt å starte med han som i kveld hadde foredrag om Generasjonsskifte i landbruket i Kommunestyresalen, Odd Ustumo. Eg fekk tak i han og han sa seg villig til å vere med om eg kunne snakke med han i fem minutt frå klokka 18. Han var på eit møte i Bykle som skulle starte klokka 18, men rekna med at det kom til å gå nokre minutt før dei kom i gang. Det lova eg, så eg sa til teknikar Torleif at vi skulle spele kjenningsmelodien tre minutt på seks.

Men så skjedde det som av og til hender når vi skal kople oss opp til Bykle og kome på lufta, det skjer seg og vi får ikkje connection, som det står i displayet i studio. Då går tida som regel ganske fort og vi prøver ulike rådgjerder for å få denne kontakten, men i går måtte vi får kontakt med Jørund Georg for å løyse problemet, og då var klokka fem over seks, så dermed fekk vi ikkje snakke med han. Han ville ha gjeve innspel i samband med ny odelslov, eg nemnde det i sendinga og vonar at det var fullt hus i Kommunestyresalen i kveld.

Nummer to på lista var vikarprest Øyvind Vognild, som skal vere vikar i Valle truleg fram til jol. Han er trønder som no bur på Evje, der kona hans er prest, og han sjølv har fått vikarprestestilling i Agder bispedømme. Før dei kom til Setesdal, var han prest på Støren i Nidaros bispedømme. Han fortalde og at han og kona hadde vore misjonærar i Thailand for Det Norske Misjonsselskap, og at dei hadde lært seg thai. Sjølv hadde han vore med ei gruppe thailandske kristne som hadde evangeliserande møte og arrangement nordaust i landet, på grensa mot Laos og Kambodsja. Flyktningane frå Burma som no bur i Valle kom frå flyktningeleir nordvest i Thailand, og der hadde han ikkje vore.

Deretter snakka eg om elgjakta som stundar til med Lars Erik Gangsei i Faun naturforvaltning. Han seier at elgstamma er i dårleg kondisjon og meiner at ein bør skyte fleire elgar enn dei kvotane ein har fått. Han arbeider mykje med bestemming av alder på felte elgar gjennom analyse av tennene.

Til slutt prata eg med Ingebjørg Ellinor Rysstad om fornyinga dei har gjort på Coop Hylestad Samvirkelag, dei har fått nye hyller og snudd på korleis varene er plassert så dei i starten mest ikkje fann varene sjølv. Men alle kundene synest det er blitt bra, og då er jo dei tilsette nøgde. Butikken har ope til 18 alle dagar, og til 20 på fredagar etter ynskje frå hyttefolk som gjerne vil få handle på Rysstad når dei kjem oppover.

Av og til vert det slik at ein heil time går utan andre folk i studio. Det er meir triveleg med folk ein kan snakke med ansikt til ansikt, men denne gongen vart det telefonprat det meste av kvelden. Godt at den er oppfunnen, og mobiltelefonen gjer livet lettare for ein som skal ha tak i folk på farten.