Velsigna hus, velsigne deg

Share

I dag var eg på innviing av det nye bydelsbiblioteket i Vågsbygd. Det var ei stor oppleving. Utanfor spelte Kristiansand Janitsjar før opninga, og så toga over hundre personar inn i det nye huset som er sett opp like bak AMFI Vågsbygd som og vert kalla Vågsbygd senter: Vågsbygd samfunnshus. Der er det kulturskule, helsesenter, tannlege og altså bibliotek. Vi kom opp i det flotte nye romet og vart heilt overvelda av kor fint og flott det var blitt, heilt anna romsleg enn det var i den bygningen som no er riven.

Vel oppe ønskte biblioteksjef i Kristiansand, Anne Kristin Undlien velkomen til det nye bygget, så gav ho ordet til ordførar Per Sigurd Sørensen etter at ho fyrst hadde presentert dei som skal jobbe her. Etter gode ord frå ordføraren, som hadde på seg kjedet i høve den høgtidelege handlinga, overrekte han eit bilete til biblioteket. Så var det leiar av styret for Vågsbygd samfunnshus, politikaren Trond Blattmann, som fortalde om soga til huset.

Mellom desse innslaga song pikekoret Benedictus frå Vågsbygd, dirigert av Bjørn G. Odden. Dei tralla ein bruremarsj, song ein Abba-song og så kom A Gaelic blessing av John Rutter. Til innleiing fortalde dirigenten at ein i katolsk tid gjerne fekk presten til å kome og velsigne eit nytt hus, og at koret Benedictus gjerne ville stå for velsigninga. Her kan du høyre songen, ikkje av Benedictus, men av eit engelsk kor eg fann på You Tube: http://www.youtube.com/watch?v=1tJWVvEM4aE&feature=related

Å velsigne eit hus eller ein annan eigedom burde vore eit skikk ein kunne ha teke vare på. Men songen slik den kom i dag var ei oppleving som fullenda for meg ei flott oppleving.

Sjølv har eg teke til av og til å avslutta ein chat på internett med God Bless og ein +. Det symboliserer ønsket om Guds velsigning over den eg har chatta med. Og framleis er eg takksam for Theis som besøkte meg, bad for meg og lyste velsigninga over meg då eg låg på sjukehuset.

Det er litt det same som når han slutta sendinga i Valle Radio med å sende Carolas Bred dina vida vingar over Bykle og Valle kommune etter open sending. Eit slikt ønskje kan ikkje skade nokon, og for oss som takkar Gud for livet, minner det oss atter om å takke for alle gode gåver.