Aktuell time

Share

Den fyrste aktuelle timen i haust var det Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for. Ettersom eg ikkje kan få inn Valle Radio i Mandal lenger, (eg har ikkje windows som operativsystem på min maskin, eg nyttar gratisprogrammet ubuntu, og eg har ikkje funne ein måte å få inn Valle Radio på) fekk eg Bjørgulv til å sende meg nokre stikkord om kva han hadde hatt på køyreplanen:

Vi hadde besøk av Torunn Charlotte som vi fekk ein prat med om kulturskulen, evenementet Brokke Rock som var ein suksess på alle måtar. Spesielt kursdelen var heilt topp. Ho vurderte sterkt å planlegge eit nytt opplegg til neste år.

Så hadde vi besøk av “norskamerikanaren” Steinar Hjelmås. Han tenestegjer i Nato og har fått forlenga kontrakt i alle fall eit år til. Han treivst i USA, har funne seg kjærast, kjøpt amerikansk bil og hadde det som plomma i egget.

Til sist hadde vi ordføraren som orienterte om det økonomiske “krisemøtet”. han bedyra at det var inga krise, men ein gjennomgang slik at politikarane var godt førebudde til budsjetthandsaminga i haust.

Og med desse tre gjestene i studio var vi i gang att.

Ein tanke om “Aktuell time”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *